Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Ruter og lus på engelsk

Publisert den 06.11.2019 - 11:13
06.11.2019 - 11:13

 

Endeleg er det klart: Ruter og lus - Retrostrikk frå Salhus Tricotagefabrik kjem ut på engelsk i 2020! 

Strikkeboka basert på mønster frå fabrikkarkivet til Salhus Tricotagefabrik vart gitt ut på Museumsforlaget i 2018, og under bokmessa i Frankfurt signerte Museumsforlaget ein avtale med det amerikanske forlaget Trafalgar Square Books om å gi ut ei engelsk utgåve av boka neste år.

Under bokmessa i Frankfurt i oktober lanserte forlaget Anne Bårdsgård si Selbuvottar  på engelsk, og har tidlegare gitt ut mange strikkebøker med skandinaviske mønster, blant anna bøker av Arne & Carlos, Færøyisk Strikkebok av Svanhild Strøm og Marjun Biskopstø og Trettifem votter av Maja Karlsson.

Dette er ein fantastisk moglegheit til å nå breiare ut med historia om Salhus Tricotagefabrik og dei fine strikkeoppskriftene designa av Birger Berge, Siv Dyvik, Siri Gamborg, Berit Løkken frå Hillesvåg Ullvarefabrikk, Birte og Margareth Sandvik og Dianna Walla. Dette blir spanande!

 

Foto: Tove Lise MossestadFoto: Tove Lise Mossestad