Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Prosjektmidlar frå Norsk Kulturråd

Publisert den 05.08.2015 - 11:58
05.08.2015 - 11:58

Norsk Trikotasjemuseum er tildelt midlar frå Norsk Kulturråd til å lage ein nasjonal innsamlings- og dokumentasjonsplan for norsk tekstilindustri.

Planen vil bli utforma i tett samarbeid med andre norske museum som har norsk tekstilindustri som tema i sine samlingar: Norsk Teknisk Museum, Sjøllingstad Uldvarefabrik, Berger Museum og Moss by- og industrimuseum. Å utarbeide ein slik plan vil gje oss betre oversikt, kontroll og prioritering av dokumentasjon og innsamling på dette området.

Vi håpar at prosjektet skal bidra til eit tematisk og nasjonalt perspektiv på samlingsforvalting. Arbeidet vil starte opp allereie denne hausten.