Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Om rådgjevningstenesta

19.12.2013 - 10:25

 

Norsk Trikotasjemuseum gjev råd og rettleiing i musealt arbeid til private samlarar, lag og foreiningar. Vi har lang erfaring innan oppbevaring av ulike gjenstandstypar og lagring av foto, og kan gje enkle råd om korleis ein best tek vare på desse. Vi kan rettleie i korleis ein systematiserer ei samling, og om korleis ein kan halde oversikt over og ta vare på kunnskapen om gjenstandane eller fotografia. Ein enkel måte å gjere aktiviteten til eit historielag eller eit museum kjend for eit breiare publikum er til dømes å formidle om ho på internett. Det finst gratis heimesideløsningar, til dømes Wordpress. Vi har hjulpe Nera Museum og ein samlar av morsenøklar med å lage heimesider. Vi held kurs for interesserte i sosiale media som Facebook, Twitter og Instagram.

Kontakt oss dersom de ynskjer å kome i gang med eit slikt arbeid. Norsk Trikotasjemuseum har også lang erfaring innan å førebu og gjennomføre ulike typar arrangement, formidlingsopplegg til barn og unge og utstillingsproduksjon. Mellom anna har vi fleire gonger koordinert arrangementet «Levande museum» for Bergens Tekniske Museum. Norsk Trikotasjemuseum deltar i forskingsprosjektet «Det fleksible arbeidslivet» i regi av det nasjonale nettverket Nettverk for arbeidarkultur og industrihistorie.

Vi er interessert i kontakt med andre som forskar på industrihistoria i Bergen og omland. Norsk Trikotasjemuseum forvaltar Salhus Tricotagefabrik som er eit nasjonalt industriminne og vi har tett kontakt med Riksantikvaren. Vi deler gjerne vår erfaring og kunnskap om sikring og vern av gamle bygningar. Som aktiv deltakar i nasjonale nettverk vil vi framover jobbe med å auke vår kunnskap om korleis dokumentere industribygningar og arbeidsteknikkar. Denne kunnskapen vil vi etter kvart dele med andre.

 

Kontakt:

Ellen Marie F. Risbruna (vikar) , tlf. 55 25 10 81 /e-post: ellen.risbruna(a)muho.no

Torunn Kojan Bøe (permisjon) , tlf. 55 25 10 81/e-post: tkb(a)muho.no