Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Om museet og Salhus Tricotagefabrik

19.12.2013 - 10:13
Det var ein gong ein strikkefabrikk... Bli med på omvising i trikotasjefabrikken frå 1859. Kjenn lukta som heng igjen i veggane etter mange års produksjon. Me tar deg med ned i karderiet og spinneriet, på spoleloftet og opp på sy- og strikkeloftet. Du kan sjå filmen som fortel om Salhus og våre skiftande utstillingar. Barna kan boltra seg på barnebordet i kaféen. Omvisning for barn kvar søndag kl. 12.30. Nyt heimebaksten vår i kafeen og leit gjerne etter ei gåve i museumsbutikken.

 

Salhus Tricotagefabrik 1859-1989

Etablering

Salhus Tricotagefabrik vart etablert i 1859. Eit festebrev datert 12. august 1859 viser at slesvigarane Philip Clausen og fargemeister Johan Ernst Christian Ramm leigde grunn av Søren Hammer i Salhus, og på tomta blei det sommaren 1859 sett i gang bygging av fabrikklokale. Firmaet heitta då «Firma J. Ramm & Clausen», og produksjonen i fabrikken i Nordre havn i Salhus blei sett i gong allereie same hausten.

Produksjon i den tidlege fasen

Fabrikken blei starta som ein trikotasjefabrikk, det vil seie at fabrikken produserte strikka metervare som vart sydd til ferdige klede. Mellom 1865 og 1888 var arbeidsstokken på rundt 50-60 personar. I starten var produksjonen ganske enkel, etter dagens standard. Fabrikken kjøpte ferdigspunne garn frå Arne Fabrikker, før den etter nokre år fekk eigne spinnemaskiner. Strikkemaskinene var såkalla rundstolar, drive med sveiv og handkraft. Kardemaskinene blei drivne av dampmaskiner, medan spinnemaskinene var halvautomatiske. Spoling og tvinning blei utført på rokkar. Vasking og etterbehandling var òg manuelt arbeid, men fram mot slutten av 1860-åra kom det reimdrift på vaskemaskinene. I etableringsfasen var det vanleg at syerskene måtte ha sine eigne symaskiner for å få arbeid på fabrikken. Men allerede i denne tidlege fasen var det både tekstilproduksjon og konfeksjonering, og det blei fort eit flertal av kvinner blant arbeidarane, sjølv om det i starten var flest menn i fabrikken. Det blei tidleg bygd arbeidarbustadar for arbeidarane i trikotasjefabrikken. Tettstaden vaks, og i 1875 budde rundt 200 personar i Salhus.

Reorganisering i 1888

Uheldige investeringar i andre føretak førte til konkurs i 1888. Maskiner, anlegg, arbeidarbustadar, skulebygg og direktørbustaden vart lagt ut for sal. Etter dette blei verksemda omorganisert som eit aksjeselskap med Philip Clausen som disponent og etter kvart som dominerande eigar. I 1894 etablerte den eldste sønnen til Philip Clausen – Jürg Clausen – Salhus Væverier som ei sjølvstendig bedrift. Bedriftene var imidlertid to ulike føretak, og Salhus Væverier dreiv berre med stoffproduksjon og hadde ein mindre arbeidsstokk enn trikotasjefabrikken.

I 1888 blei det vi i dag kjenner som Salhus Tricotagefabrik formelt etablert. Fabrikken sette då i gang med å modernisere produksjonsutstyret og anlegget. Det blei investert i nye maskiner og etter 1900 og utover på 1910-, 1920,- og 1930-talet blei fabrikkanlegget utbetra og bygd ut. I løpet av 1920-talet blei dei fleste maskinene drivne av elektromotorar. På same tid blei det bygd nye arbeidarbustadar nær fabrikken, for å løyse bustadproblemet som kom av veksten i produksjonen og auka tal på tilsette frå slutten av 1890-talet og utover starten på 1900-talet. I 1920 arbeidde rundt 140 menneske ved fabrikken, i 1930 hadde fabrikken mellom 190 og 200 tilsette, og tidleg i 1940 var det nesten 290 tilsette ved fabrikken.

Plagg produsert ved Salhus Tricotagefabrik

Produksjonslinja

Produksjonslinja gjekk frå ullmottak, vasking av ull, farging, karding, spinning av garn, spoling, og vidare til strikking av stoff. Deretter ble stoffet skore til, sydd saman, kontrollert og pakka. Fabrikken produserte strømper, undertøy, genserar og fritidsklede for kvinner og menn. Kleda var av både ull og bomull. Dersom ein skal anslå noko om mengda ulltøy samanlikna med mengda bomullstøy, blei det i 1930 produsert 80 000 kg trikotasje i ull og halvull, og 140 000 kg trikotasje i bomull. I 1939 blei det òg produsert 80 000 kg trikotasje i ull og halvull, medan bomullsproduksjonen hadde stige til 210 000 kg. I 1950 var det òg mest bomullsprodukt som blei laga ved fabrikken, rundt 110 000 kg ullvarer og 185 000 kg bomullsvarer. Fabrikken etablerte Krone-merket på 1930-talet, og Krone Maco undertøy blei ein av fabrikkens mest kjende merkevarer.

Frå storheitstid til krise

1950- og 1960-talet var fabrikkens storheitstid når det gjaldt sysselsetting og produksjon. I oktober 1957 var talet på tilsette ved fabrikken oppe i 360 personar. Arbeidsstokken var fordelt på 30 funksjonærar og 330 arbeidarar. Blant arbeidarane var det 206 kvinner og 124 menn. Salsverdien av eigen produksjon var dette året på 13 550 546 kroner. Tidleg på 1980-talet kom fabrikken inn i ei økonomisk krise. Grunna salssvikt og auka konkurranse med billigvarer, blei produksjonen i Salhus for dyr. I 1982 blei spinneri- og karderidelen av fabrikken lagt ned, mens resten av fabrikken var i drift fram til 1989.