Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Nytt undervisningstilbod: Eit berekraftig utopolis?

Publisert den 11.02.2019 - 15:05
11.02.2019 - 15:05

 

Kva slags forhold har vi til kleda våre i dag? Nokre plagg blir favorittar i garderoben, medan andre ikkje blir brukt. Mange unge i dag har eit gjennomtenkt forhold til klede og trendar, andre går gjerne med det som ligg fremst i skapet. Såkalla «fast fashion» eller rask mote gjer at klede i dag er både billege og forgjengelege. Korleis påverkar det korleis vi tenkjer om det vi har på oss?

Gjennom dette undervisningsopplegget ønskjer vi at elevane skal bli meir bevisste om sitt forhold til klede. Kva er viktig – komfort, pris eller mote? Vi ønskjer ikkje å seie kva som er rett og gale, eller gje eit fasitsvar, men heller reflektere rundt temaet saman med elevane.

Bilete: Silje Heggren - Utopolis - eit av verka i utstillinga.

 

Praktisk gjennomføring:

Kort omvising i kunstutstillinga «Eit berekraftig utopolis?» saman med formidlar. Vi fokuserer på nokre verk og lèt elevane gå på eiga hand i utstillinga. Etterpå samlar vi klassen til ein dialog med formidlaren, der elevane skal ta stilling til spørsmål om kleda sine, og blir delt inn i grupper som diskuterer ulike tema. Opplegget blir avslutta med ei oppsummering i plenum.

 

  • Klassetrinn: For ungdomsskulen og vidaregående skule
  • Max antall elever: 30 + lærar
  • Varighet: 45 min
  • Periode: 18. februar – 12. april
  • Pris: Gratis for elevar i skuletida

Bestill tid for din klasse via Museumslosen, på e-post: bestilling.nt@muho.no eller ta kontakt med Ingrid Haugrønning på telefon 975 28 010.