Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Norsk Trikotasjemuseum opnar dørene 24. mai!

Publisert den 12.05.2020 - 14:11
12.05.2020 - 14:11
 
Søndag 24. mai opnar vi endeleg dørene til fabrikken i Salhus – i første omgang på søndagar, og vi utvidar til torsdag, fredag og søndag i sommarferien. Dette er sommaren for å utforske nærmiljøet og oppdage nye perler i din eigen by. Vi har god plass inne, og fine moglegheiter for familiar utandørs, med uteservering, kulturminneløype, turmoglegheiter og badeplass like ved museet. Vi ser fram til å tilby deg og dine trygge og gode museumsopplevingar i sommar!

Museet, kafeen, museumsbutikken og kunstutstillinga i galleriet er ope for drop-in besøk. Her viser vi tekstilkunst av Marianne Moe i hennar nye soloutstilling "Mellom ljos og mørke". For å vere sikra plass kan du òg bestille bord i kafeen.

Fabrikken er berre tilgjengeleg med omvisar, omvisingar startar med visning av Salhusfilmen kvar heile time: kl. 12, 13, 14, og 15. Filmen varar i 24 minutt, omvisinga varar i om lag 40 minutt.

Vi er veldig glade for å endeleg kunne opne museet for publikum, men i sommar må vi som alle andre halde oss til gjeldande reglar for å hindre spreiing av Covid-19. I tråd med det gjeldande regelverket må vi registrere kontaktinfo på alle som deltek på omvising. Vi oppbevarar informasjonen i 10 dagar etter besøk for å kunne bidra til smittesporing. For å vere sikre på at både publikum og tilsette er trygge vil vi sleppe inn få personar på same tid. 

Du kan no booke omvising i fabrikken på førehand. Følg denne lenka for å komme til vårt bookingsystem.

Bestilling kan òg sendast på e-post til bestilling.nt@muho.no eller ring eller send SMS til (+47) 917 05 645.

Ta kontakt dersom du ynskjer å besøke oss utanom ordinær opningstid. For meir informasjon, les Norges museumsforbund sine generelle smittevernsråd til publikum på museum.

 

Opningstider sommaren 2020

  • 24.05.–21.06.: søndagar 12–16
  • 22.06–16.08.: torsdag, fredag og søndag  12–16
  • Ta gjerne kontakt med oss om du ynskjer å besøke museet utanom opningstid. Det gjeld òg for skuleklasser og andre grupper.