Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Norsk gardinhistorie på museum

Publisert den 30.06.2014 - 17:37

I juni har Norsk Trikotasjemuseum og Bergen Byarkiv overteke arkiv og gjenstandar frå bergensbedrifta Tangens Gardinfabrikk.

Frå 1890 til 1972 blei det produsert gardiner på Nygårdstangen i Bergen. Ein kan framleis skimte namnet Tangens Gardinfabrikk på mursteinsbygningen i Lars Hilles gate, der fabrikken heldt til i 82 år. Fabrikkbygget til det som var Noregs eldste gardinfabrikk husar no Fretex.

No har Norsk Trikotasjemuseum og Bergen Byarkiv fått overta arkiv, foto og vareprøver etter 82 år med gardinproduksjon på Nygårdstangen. Blant gjenstandane er prøvar på gardin- og møbelstoff, dukar og brikker, teppe og reklamemateriell, i tillegg til arkiv og fotomateriale. Innsamlinga er eit samarbeid mellom Norsk Trikotasjemuseum, Bergen Byarkiv og givarane i familien Sundt.

 

Foto: Bevaringstenestene

Simonsen og Sundt
I 1881 kjøpte 20-åringen Anton F. Simonsen tomt på Nygårdstangen for å starte gardinfabrikk. Fabrikkbygningen og maskinene blei dyrare enn venta, og Simonsen hadde ikkje nok kapital til å kome i gang med produksjonen. I 1882 slo han seg konkurs og eigedomen blei kjøpt opp av den velståande handelsmannen C. Sundt, som overdrog fabrikken til sonen Christian Gerhard. 

På 1880-talet var Nygårdstangen ein aude stad. Det einaste andre bygget der tilhøyrde Frelsesarmeen. Gata som no heiter Lars Hilles gate var ikkje brulagd, og vart omtala av ein fabrikkarbeidar som «en temmelig stumpet vei». 

Dei første åra produserte fabrikken gazegardiner på 36 små vevstolar. Åra fram til 1889 må reknast som prøve- og læreår for Chr. Sundt. Bedrifta gjekk med underskot, men verken den unge eller den gamle C. Sundt miste trua. 

 

Satsa på tyll
Løysinga blei å byggje ein helt ny fabrikk med britisk maskineri, som kunne produsere tyllgardiner. Fabrikken vaks og i 1896 var arbeidsstokken på 225-250 kvinner og menn. Med moderne maskineri og rasjonell drift satsa Sundt på eksport: først til unionslandet Sverige, der ein kunne føre varer inn i landet utan toll, og så til andre land. Tidleg på av 1900-tallet vart Tangens-gardiner eksporterte til heile verda. 

 


NORSKE: Etikettar frå Tangens Gardinfabrikk. "Til å begynne med spant man ikke silke på å fremheve varens norske oprinnelse. Det var jo en tid da alt fint skulde være utenlandsk. Men fabrikken fastholdt prinsippet, og i det lange løp har den vunnet på det." 

(Sitat frå O. Simonnæs, "Tangens Gardinfabrikk". Foto av møbelstoffprøvar: Bevaringstenestene.)

ntmt.02717_nettside.jpg

POPULÆRE: "I mellomkrigsårene ble reklamen stadig utvidet med regelmessig avertering, og ved å distribuere brosjyrer, foldere og små souvenirs av hendig og nyttig art." Desse "nåleterningane" skal ha vore spesielt populære.
30.06.2014 - 17:37