Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Nasjonal innsamlings- og dokumentasjonsplan for tekstilindustri

16.08.2017 - 13:29

prosjektrapport innsamlingsplan

Dei siste åra har Norsk Trikotasjemuseum arbeidd med å skrive ein nasjonal innsamlings- og dokumentasjonsplan for norsk tekstilindustri i samarbeid med andre norske museum som har norsk tekstilindustri som tema i sine samlingar: Norsk Teknisk Museum, Sjøllingstad Uldvarefabrik, Berger Museum og Moss by- og industrimuseum. Prosjektet fekk støtte av Kulturrådet i 2015 og 2016. Målet har vore å få betre oversikt, kontroll og prioritering av dokumentasjon og innsamling på dette området.

I prosjektet har vi gått gjennom eigne samlingar, henta inn informasjon frå andre, og prøvd å systematisere dette gjennom verdivurderingar. Planen skisserer òg korleis vi vil arbeide vidare med norsk tekstilindustri ved dei ulike musea. Fokus er både på arbeid med eksisterande samlingar og ny innsamling og dokumentasjon. Arbeidet har gitt oss betre oversikt og kjennskap til kvarandre sine samlingar, og gjort det lettare å sjå dei i kontekst. Dette er eit godt grunnlag for vidare samarbeid innan dette temaet, sjølv om gullalderen for tekstilproduksjon i Noreg er over. 

Rapporten kan lastast ned ned nedanfor. I tillegg har vi lagt ved ei liste over innsamling innan tekstilindustrien nasjonalt, etter det vi kjenner til i skrivande stund, og ei litteraturliste om norsk tekstilindustri. Lista over bedrifter frå dette prosjektet har vi gjenbrukt saman med informasjon frå nettstaden industrimuseum.no i ei liste over norske industribedrifter i KulturNav. Lista, som nettstaden, er administrert av Norsk Teknisk Museum, men det er fritt fram for andre museum å fylle på med bedrifter frå sine databasar. Dette håpar vi skal bli ein god registreringsressurs som er nyttig for fleire museum, som lenker til andre nettressursar om industrihistorie (Wikipedia, SNL, Arkivportalen, osb.). Lista ligg inne i Primus ved søk etter person (i fana KulturNav), og på nett på kulturnav.org, og er enno under utarbeiding.

 

PDF icon Prosjektrapport Plan tekstilindustri_mvedlegg.pdf