Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Mysteriestrikk med bobler

Publisert den 28.04.2020 - 16:35
28.04.2020 - 16:35

 

Bli med å strikke saman med oss! Norsk Trikotasjemuseum arrangerer mysteriestrikket "Boblestrikk" i mai.

Mysteriestrikket kjem i 4 delar, og fyrste del kjem 1. mai. Oppskriftsdelane blir lagt ut som PDF på denne sida. Oppskrifta er utvikla av Siri Angela Gamborg på Norsk Trikotasjemuseum

Vi vil gjerne sjå kva de lagar! Vi trekker ein vinnar av 2 valfrie hesper Museumstvinn 25. mai, blant alle som har delt bilete av ferdig strikk. For å vinne må du merke biletet med @norsktrikotasjemuseum og #mysterieboblestrikk på Facebook eller Instagram.

 

Du treng :

  • om lag 250 g garn i 4 fargar, gjerne ca. 75 g svart (A), ca. 75 g raudt (B), 50 g ecru eller offwhite (C) og ca. 50 g av ein sjølvvald farge, til dømes oransje eller gul (D). Oppskrifta her er laga til Norsk Trikotasjemuseum sitt garn «Museumstvinn» som er 100 % ull og ca. 300 m pr 100 g, glattstrikk 10 cm =21–22 m på p. 3,5.
  • 4 maskemarkørar
  • Heklenål ca. str 3.0
  • Settpinnar str. 3,5 20 cm og rundpinne str. 3,5  i lengde 40 cm og 70 eller 80 cm.

Dette er ei oppskrift utan eksakt storleik, så om garn og pinnar ikkje er heilt etter «skjema», er det også ok, men det kan løne seg å lage ei strikkeprøve.

OM GARN OG FARGAR
Du kan også bruke restegarn i ulike fargar + svart om du ønskjer det, uansett gjev det størst verknad å bruke ein heilt mørk og ein heilt lys farge – som svart og ecru på biletet. Det viktigaste er at det er god kontrast mellom dei to ytterpunkta, det kan også vere spanande å strikke med gradientar av same farge.

VANSKEGRAD: Lett til middels

 

OPPSKRIFT