Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Museumsbutikken

28.10.2010 - 16:03

Ta ein tur innom museumsbutikken og kjøp med deg gode og varme sokkar produsert på våre sokkestrikkemaskiner. Eller kva med ein Salhusgensar?

Salhus Tricotagefabrik (1859-1989) var kjend for slitesterke kvardagsklede. Vi strikkar enno gode ullgenserar, raggsokkar og t-skjorter på dei gamle maskinene, og gjer nye vriar på dei klassiske modellane. Ferdig metervare frå strikkeloftet går vidare til vask, tilskjering, saum, damping og merking før produkta hamnar på hylla i museumsbutikken. 

 

Eigne produkt

Vi har no utvikla nye produkt i ull og bomull basert på produksjonen ved fabrikken. Desse sel vi under namnet Industrikk. Alt er strikka på museet og sydd lokalt, anten av oss sjølve eller i samarbeid med aktørar i nærområdet.

I butikken finn du gensarar, pulsvarmarar, puter, skjerf og mykje anna, sydd i eit gamalt islendermønster frå fabrikken. Produkta finst både i klassisk raudt/svart og kvitt/grått, og no også i nye fargar: blått/kvitt, brunt/offwhite, grønt/svart og sennepsgult/offwhite. Vi sel garn frå Hillesvåg ullvarefabrikk, tvinna på tvinnemaskina i fabrikken, og eigenproduserte t-skjorter og undertøy i bomull.

 

 

Lokalt handverk

Vi fører eit utval lokalprodusert kunsthandverk og design, inkludert klede og tekstilartiklar. Her finn du gåver med særpreg som ikkje finst i alle butikkar. Vi sel blant anna skjørt og gryteklutar frå Marianne Moe, og har eit godt utval produkt frå PåGløtt by Erling. I butikken finn du òg kjøkkenhandkle med trykk frå Agnes Bakke Murud, keramikk frå Birte Schytte og Anneli Belsvik, puter frå Marta Kløve Juuhl og handstrikka pulsvarmarar frå Siri Gamborg. 

Vi sel strikkepakkar med garn og oppskrifter, og bøker om tekstil, tekstilindustrien og lokalhistorie. Barn finn kjekke ting i museumsbutikken: vi har strikkelise, vevar, aktivitetspakkar, bamsar og mykje meir.

 

Image: