Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Museet er stengt: besøk oss på nett!

Publisert den 29.04.2020 - 16:26
29.04.2020 - 16:26

Museet er stengt for publikum inntil vidare for å avgrense risiko for spreiing av koronaviruset (COVID-19), men likevel er det mykje som skjer. Følg med på nettsidene, Facebook og Instagram for jamlege oppdateringar, og besøk våre digitale samlingar på Digitalt Museum.

 

Marianne Moe - Mellom ljos og mørke. Foto: Thor Brødreskift

I desse dagar arrangerer vi blant anna vår første digitale utstillingsopning av Marianne Moe sine store filtarbeid i utstillinga "Mellom ljos og mørke". Korleis kan vi formidle taktil tekstilkunst på nett? Følg med søndag 10. mai kl. 14! 

Er du klar for eit nytt strikkeprosjekt? Bli med på vår mysteriestrikk i mai! Vi strikkar saman, og det er hemmeleg kva som blir det endelege resultatet. Oppskrifta blir publisert i fire delar frå 1.-11. mai på denne sida.

Vi brukar vårt eige garn, Museumstvinn, men du kan sjølvsagt bruke liknande restegarn eller det du har heime. For fortløpande oppdateringar, følg oss på Facebook og Instagram. Del gjerne bilete med oss merka med @norsktrikotasjemuseum og #mysterieboblestrikk, til slutt trekker vi ein premie blant ein av dei som deler bilete av det ferdige produktet. 

Siste nytt om Bergen Strikkefestival 2020 finn du på www.bergenstrikkefestival.com, Facebook og Instagram.