Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Maskinene surrar!

Ein gong i året opnar vi museet for det årlege arrangementet Maskinene surrar! Hold av datoen 18. september 2016.

Det er den dagen i året då du utan guide kan gå mellom dei ulike avdelingane i tekstilfabrikken, prate med tidlegare tilsette frå Salhus Tricotagefabrik og sjå endå fleire maskinar i sving enn på ei vanleg omvising. På syloftet sit syerskene som syr på maskinane frå Salhus Tricotagefabrik, og på strikkeloftet køyrer strikkarane ulike strikkemaskinar. Fabrikkquiz, og ulike aktiviteter for barn og vaksne.
 

27.06.2014 - 15:12