Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Luciakveld med låge skuldrer

Publisert den 14.11.2019 - 13:25
14.11.2019 - 13:25

Foto: Thuresson/Wikimedia Commons

Velkommen til Luciafeiring og garantert stressfri julehandel i Salhus fredag 13. desember. Unn deg ein roleg førjulskveld: sett av datoen!

Vi stiller med god stemning og behageleg julemusikk på anlegget. I kafeen serverer vi nybakte lussekattar, gløgg og kaker. Ta gjerne med deg strikketøyet ditt og slå deg ned i ein av godstolane våre. Kanskje finn du ei fin lokal gåve? I museumsbutikken har vi salhusgensarar, sokkar, skjerf, puter og garn i mange forskjellige fargar. Plagga er maskinstrikka på museet og sydde lokalt. Vi fører også eit utval lokalprodusert kunsthandverk og design, inkludert tekstilartiklar, leikar og bøker. Vi hjelper deg gjerne med å pakke inn gåvene. 

 

Luciafeiring på Norsk Trikotasjemuseum:

  • pop-up minimarknad med lokal brukskunst og handverk (marknaden stenger 21.00)
  • 10 % på alle varer i museumsbutikken
  • juleverkstad for vaksne
  • lussekattar og gløgg i kafeen, suppe, kaffi og kaker
  • siste sjanse til å sjå utstillinga "SKIFTarbeid" av Susanne Roti og Jannecke Heien Knudsen. Omvisning i galleriet kl. 18.

 

Norsk Trikotasjemuseum
Fredag 13. desember
kl. 17-22

Program:

17:00 Dørene opnar

18:00 Omvisning i utstillinga "SKIFTarbeid"

19:00 Omvisning i fabrikken (vanleg billettpris)
 
21:00 Marknaden stenger
 
22:00 Dørene stenger

 

 

 

 

Pop-up minimarknad

Morelle design
Silje Bergsvik står bak smykkemerket Morelle, som kjem til pop-up marknaden med unike smykke i sølv, flyfiner og formica/MDF, med sølvkjede eller skinnsnor. Alle smykka er designa og handlaga av Silje. Morelle design blei starta i 2011, og har blitt selde i fleire butikkar rundt om i landet, og no presenterer Silje fleire nye design og kolleksjonar. 

Silje Bergsvik er utdanna gullsmed og smykkekunstnar med Master i metall og smykkekunst frå Kunsthøyskolen i Oslo. Ho er medlem av Norske kunsthåndverkere, og har deltatt på ei rekke utstillingar i både inn- og utland.

www.facebook.com/Morellejewellerydesign

 

Vid Vestrfell Garn
Sascha er ihuga tekstilnerd og arkeologistudent som spinn villsaugarn på spinnerokk og plantefargar ullgarn. Ho starta familiebedrifta Vid Vestrfell Garn saman med mannen sin, som lagar heimesnekra strikkeskåler som dei også tar med på pop up-marknaden.

Vid Vestrfell Garn plantefargar ullgarn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk og Leine Gård, i tillegg til å handspinne ullgarn frå Gamalnorsk villsau frå lokale vestlandske sauebønder. Til plantefarging brukar dei plantar og vekstar som dei sankar i skog og på fjell.

www.vidvestrfellgarn.com

 

Anette Wollertsen Skeide har hovudfag i keramikk frå Kunsthøyskolen i Bergen, og tar med arbeid i dreia porselen og steingods til pop-up marknaden. Alt er brent til 1250 grader og tåler oppvaskmaskin.

Anette er opptatt av kvalitetar som skjønnheit, kvalitet og god form, og lagar objekt som tåler dagleg bruk. Alle koppane er unika, og ikkje laga med likheit som målestokk, men heller i seriar. Koppane kan brukast om kvarandre, men er laga i storleikar som passar som kaffi-, te-, espressokoppar, og vin- og vassbeger. 

www.awskeide.no

 

Huldrefellen
Kjersti i Huldrefellen vaks opp på ein gard i havgapet i Austrheim, og har alltid vore interessert i tradisjonshandverk. No vever ho og lagar produkt i saueskinn som blir med på marknaden under Luciakveld. Huldrefellen har blant anna skinnposar og -fellar til benk, stol og seng, i tillegg til vevde løparar og puter i lin og tynt ullgarn.

Huldrefellen på Facebook

 

Annes muscari
Lucia nærmar seg med stormskritt, og vi har fleire fine utstillarar til pop-up marknaden! Anne i Annes Muscari kjem til marknaden med strikkebling og -tilbehør: prosjektvesker i ulike variantar, maskemarkørar, radtellarar, armband med maskemarkørar og juletrepynt i form av sauar.

www.muscarino.wordpress.com