Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



To ledige stillingar på Norsk Trikotasjemuseum

Publisert den 05.04.2019 - 14:58
05.04.2019 - 14:58

Vil du jobbe med formidling på Norsk Trikotasjemuseum?

Vi har for tida to ledige stillingar på museet.

 

Formidlar, 100% vikariat

Om stillinga

Som formidlar er du den som er med og fortel historia om tekstilindustrien til barn og unge, elever og studentar, og som bidrar til å skape gode opplevingar og læring for voksne besøkande. Du vil ta publikum med på omvisningar i fabrikkanlegget og demonstrere maskinar, og du bidrar inn planlegging og gjennomføring av arrangement. 

Arbeidstid: 100 %, fortrinnsvis dagtid vekedager, men noko helge- og kveldsarbeid må pårreknast.

Vi har no ledig vikariat i 100% stilling for ein av våre gode formidlarar som skal ha eit års permisjon. Vi søkjar deg som kan: 

  • Bidra med å drifte og utvikle formidlinga samen med formidlingsleiar og andre fagpersonar ved museet.
  • Som kan vere med å gjennomføre store arrangement som Bergen strikkefestival.  
  • Som kan jobbe sjølvstendig og som er glad i å møte museet sitt publikum. 

Meir info og søknadsskjema finn du her.

 

Guide, fast kvar 3. helg

Om stillinga

Alle som besøker museet får tilbod om ein guida tur i fabrikkanlegget og til denne viktige rolla trenger vi ein ny guide. Du skal òg ta imot publikum, betene kafeen og museumsbutikken.

Fast arbeidstid: kvar 3. søndag gjennom heile året som inngår i en vaktplan. Moglegheit for å jobbe ekstravaktar ved behov og i sesong.

Vi trenger deg som likar å vere i lag med andre mennesker og som likar å formidle fagkunnskap på ein forståeleg måte. Du vil jobbe samen med andre formidlarar, guider eller kafèvertar. Arbeidstiden er i hovudsak dagtid på søndager mellom kl. 11-17. Ved siden av vil du få mogligheit til å jobbe ekstra både ukedager og kveldstid. Det vil forekomme kveldsarbeid når vi tek imot grupper utenom åpningstid, har arrangement kveldstid, eller i helger. Vi vil foretrekke at du også liker å jobbe med born. Museet har eigne opplegg og omvisninger for born gjennom heile året.    

Du vil få grundig opplæring.    

Meir info og søknadsskjema finn du her.