Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Kjøp produkt frå Norsk Trikotasjemuseum

Publisert den 04.12.2018 - 10:06
04.12.2018 - 10:06

Museumsbutikken bugnar av skjerf, sokkar, puter og strikkepakkar: perfekte gåver til nokon som frys!

 

Alle sokkar, skjerf og putetrekk er strikka på maskiner på museet, og sydde hos oss.

Strikkepakkane inneheld oppskrift og garn som er tvunne hos oss.

Hos oss finn du unike og kortreiste gåver som berre kan kjøpast i museumsbutikken vår.

Vi pakkar og sender kvar fredag.

Betal skjer med Vipps eller via faktura.

Porto på kr 149,- kjem i tillegg.

Send bestilling eller spørsmål til museumsbutikk.nt@muho.no

Du kan betale med faktura eller Vipps.

Vi gåvepakkar gjerne, opplys om dette når du bestiller.

 

Strikkepakken Hjertepute

Garn og oppskrift på Hjertepute i Museumstvinn, designa av Siri Angela Gamborg. Garnet er kamgarn i 100 % ull. Puta finst i to fargevariantar:

  • blåturkis, lilla og ecru mønster
  • raudt, grønt og ecru mønster

 

Pris kr. 260,- pluss frakt

Puta vil måle 40 x 40 cm. Mønsteret har ulikt mønster på fram- og baksida. Garnet Museumstvinn er kamgarn tvunne på Norsk Trikotasjemuseum på ei tvinnemaskin frå 1934. Anbefalt pinnestørrelse: 4. Pakken inneheld garn og strikkeoppskrift.

 

Ullskjerf

Ribbestrikka skjerf som er strikka på strikkemaskin på museet. Skjerfet i mørk lilla er strikka i rein alpakka, medan resten er i alpakka-silke. Lengda er ca. 220 cm.

   

   

Skjerfa kjem i fargane lys blå, mørk blå, gammelrosa, lilla og lys grøn

Pris kr. 620,- pluss frakt

 

Ullsokkar

 

Raggsokkar i ull som er strikka på strikkemaskin på museet. Sokkane er strikka med 80 % norsk ull og 20 % nylon.

  • I damestorleik 36-38 har vi fargane lillarosa gul, og lys grøn
  • I damestorleik 39-41 har vi fargane lillarosa, lys grøn,
  • I herrestorleik 44-46 har vi fargane mørk blå og gul

 

Pris kr. 160,- pluss frakt

 

 

Strikkeboka "Ruter og lus - retrostrikk frå Salhus Tricotagefabrik"

I boka Ruter og lus har tradisjonelle arbeidstrøyer fått nytt liv som genserar, jakker, kjolar, interiørstrikk og tilbehøyr. Plagga kjennest både retro og moderne på samme tid, med grafisk mønsterstrikk og moderne snitt. Oppskriftene passar til både ungdom og vaksne, og mange har enkel montering med raglanfelling.

Pris: 390,- pluss frakt

 

Sauen Bændik

Den populære sauen Bændik er ein kjend skikkelse i fabrikken.

Pris: 279,- pluss frakt