Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Kafé

18.06.2015 - 09:19

Heimekoseleg kafé med sitteplassar ute

Nyt utsikta over Salhusfjorden frå vår koselege kafé! Vi har ikkje ein restaurant med ein stor meny, men vi sel heimelaga rundstykke, vaflar og gode kaker, heimelaga pai med salat, og Isrosa-is. 

Vi har fine sitteplassar på framsida av fabrikken eller på terrassen mot sjøen. Kafeen og butikken vår er open for alle, sjølv om du ikkje skal vere med på omvising i Salhus Tricotagefabrik. 


Vi har god plass til barselgrupper som vil ta med barnevogna og leggje barna på eit pledd på golvet. Eigen leikekrok i kafeen der barna kan leike medan du tek deg ein kaffi i fred og ro.

 

Gå ein tur i Salhus!
Det er fine turmoglegheiter i Salhus og omegn. Kom gjerne innom etter ein tur og kombiner med ein matbit og eit besøk i museumsbutikken vår. Ta deg gjerne også ein spasertur i Salhus gjennom kulturminneløypa: lær meir om historia til staden på ni ulike postar. Løypa startar utanfor museet.

 

 


Badeplass og utandørsbasseng
Kom og bad i utandørsbassenget vårt om sommaren! Fabrikken bygde dette til arbeidarane sine i 1962, og 2012 var det renovert i eit samarbeid mellom museet og Salhus Vel. Bassenget er 1 m djupt og er fint og trygt for barn. Det er stupebrett på området. Du finn bassenget bak fabrikkanlegget. Det er dessverre ikkje toalett på badeplassen, men museet sine toalett kan brukast i opningstida.