Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Freding av Salhus Tricotagefabrik

Publisert den 30.09.2020 - 10:22
 

Ein milepåle for Bergens industrihistorie og Bergens einaste profesjonelle industrimuseum når Salhus Tricotagefabrik (1859 - 1989) blir freda av Riksantikvaren den 23. oktober.

 
Med fredinga er Norsk Trikotasjemuseum og Museumssenteret i Hordaland (MUHO) det einaste profesjonelle museet i Bergen som har eit freda teknisk-industrielt kulturminne med nasjonal verdi i sin portefølje.
 
Norsk Trikotasjemuseum formidlar produksjon og arbeidsvilkår i tekstilindustrien i Noreg med utgangspunkt i fabrikken i Salhus, og det skal vi halde fram med. I tida framover vil vi opne opp kulturminnet og gjere det synleg for endå fleire. Vi gler oss!
 

Frå Krone-Maco til tekstilkunst

Tekstilfabrikken i Salhus var i drift frå  1859 til 1989, og produserte maskinstrikka klede av ull og bomull. Fabrikkanlegget blir i dag formidla av Norsk Trikotasjemuseum, ei avdeling i MUHO. Museet har òg har eit eige utstillingsrom med fokus på ny norsk tekstilkunst: Galleri Salhus.

I andre enden av fabrikkanlegget held Bevaringstenestene til – eit kompetansemiljø innan konservering av tekstilar og gjenstandar – og administrasjonen til MUHO har kontor i den tidlegare direktørbustaden og gamleheimen «Kveldheim». Slik har dei gamle fabrikklokala fått ny bruk.

Sidan slutten av 1990-talet har Salhus Tricotagefabrik vore ein del av Riksantikvarens verneprogram for industrielle kulturminne, og fått støtte til vedlikehald og istandsetting. No blir sjølve fabrikken og fleire arbeidar-bustadar, skulehus, uthus og uteområde freda med heimel i Lov om kulturminner §§ 15 og 19. Saman med hageanlegg, stiar og murar rundt bygningane, og badeanlegget fabrikken anla i 1959, dannar dei eit heilskapleg industrimiljø rett utanfor Bergen sentrum.

Takka vere støtta frå Riksantikvaren har vi no ein godt bevart bygningsmasse, med maskinpark og viktige delar av produksjonslinja intakt. Dette er med på å gje anlegget høg autentisitet og stor formidlingsverdi.

I høyringsforslaget vektlegg Riksantikvaren fredinga av anlegget som eit eksempel på industrialiseringa av norsk tekstil- og konfeksjonsindustri i siste halvdelen av 1800-talet. Dette var ein bransje som fekk mykje å seie, både for sysselsettinga i Noreg, kvinners deltaking i arbeidslivet og framveksten av forbrukarsamfunnet. Det viser både utviklinga av eit lokalsamfunn og ei hjørnesteinsbedrift, men òg framveksten av det moderne Noreg og vår plass i verda.

 

Her kan du lese meir om fredinga.

30.09.2020 - 10:22