Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Førjulskveld på Norsk Trikotasjemuseum

Publisert den 14.11.2018 - 15:02
Torsdag 13. desember kl. 16-21

Vi inviterer til julehandel i Salhus med låge skuldrer.

  • Gode juletilbod i museumsbutikken
  • Juleaktivitetsbord for vaksne (50 kr)
  • Open kafé med servering av gløgg og kaker

Ta med deg strikketøyet ditt og slå deg ned i ein av godstolane våre. Vi stiller med god stemning og behagelege julemelodiar på anlegget.

I museumsbutikken finn du salhusgensarar, sokkar,  skjerf, puter og garn i mange forskjellige fargar. Plagga er maskinstrikka på museet og sydde lokalt. Vi fører også eit utval lokalprodusert kunsthandverk og design, inkludert tekstilartiklar, leikar og bøker. Det blir gode tilbod og heimebakst i kaféen. Vi hjelper deg gjerne med å pakke inn gåvene.

Kom i julestemning hjå oss!

 

 

 

14.11.2018 - 15:02