Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Danseforestilling "Masker"

Publisert den 29.09.2020 - 10:53
29.09.2020 - 10:53
 
Søndag 25. oktober kl. 17.00
 
I trikotasjefabrikken står tunge og store maskinar, men også bittesmå og skjøre. Den bergenske trioen No®Way Home har latt seg inspirere av lydane og historia her i Salhus i det nye verket Masker som skal urframførast under årets Kulturfest Åsane.
 
Lydane frå maskinane utgjer sjølve orkesteret og materialet i Masker og set trikotasjehistoria opp mot dagens produksjon av tekstilar. Berekraft og generasjonar er viktige stikkord. Den unike atmosfæren på fabrikken m/store vindauge mot sjøen, rytmane frå strikkemaskinane og lange ulltrådar i møte med menneskekroppen. Ulike generasjonar har ulike relasjonar til omgrep som berekraft og kvalitet. Verket speglar vår tid gjennom aspekt knytt til berekraft og refleksjonar kring generasjonar.

 
Utøvarar er Else Olsen S. (musikk), Monica Reksten og Sara Røisland Torstveit (dans og koreografi), i samarbeid med Silje Sandodden Kise (scenografi og kostymar). Det er også fem barn/ungdommar med.
 
Pris: kr 150,-/ barn kr 100,- i døren
 
Arrangementet er en del av Kulturfest Åsane og er støtta av Bergen kommune.