Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Dale Garn

16.06.2015 - 13:23

Dale Garn I 2014 har Norsk Trikotasjemuseum dokumentert Dale Garn i Vaksdal kommune.

Garnproduksjonen på Dale vart lagt ned våren 2014, medan Dale of Norway, som held til i dei same lokala, fortset drifta. Dokumentasjon av den gjenverande tekstilindustrien i regionen er ein del av kjerneområdet til museet, og Dale Garn er dokumentert gjennom film, foto og arbeidslivsintervju.

Bilete frå produksjonen på Dale Garn (2014).

Filmen nedanfor er laga av Pandora Film, og resten av dokumentasjonsarbeidet er utført av Norsk Trikotasjemuseum. Filmen tek deg med gjennom produksjonslinja og viser prosessen frå ull til ferdig garnnøste.

Dokumentasjonsprosjektet er støtta av Gjesdal AS, Dale of Norway og Hordaland fylkeskommune.