Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Café med sitteplasser ute

18.06.2015 - 09:19

Heimekoseleg cafe!

Du er hjartleg velkomen til vår koselege cafe. Vi har ikkje ein restaurant med ein stor meny, men vi sel heimelaga rundstykke, vaflar og kaker, samt heimelaga pai med salat. Vi sel den økologiske isen Isrosa som du gjerne må nyte ute. Vi har fine sitteplassar på framsida av fabrikken eller på terrassen mot sjøen kor du kan nyte ein storslått utsikt over fjorden. Cafeen er open sjølv om du ikkje skal vere med på omvising i Salhus Tricotagefabrik. Du kan kome til oss for bare å besøke cafeen og museumsbutikken om du ønskjer det.

Vi har god plass til barselgrupper som vil ta med barnevogna og leggje barna på eit pledd på golvet. Eigen leikekrok i kafeen, kor barna kan leike mens du tek deg ein kaffi i fred og ro.

 

Gå ein tur i Salhus!
Det er fine turmoglegheiter i Salhus og omegn. Kom gjerne innom etter ein tur og kombiner med ein matbit og eit besøk i museumsbutikken vår. Ta deg gjerne også ein runde i Salhus med å kulturminneløypa. Gjennom 9 postar ruslar du rundt i Salhus i ca. 45 minutt. Løypa startar utanfor museet.

Badeplass og utandørsbasseng
Kom og bad i utandørsbassenget vårt om sommaren! Fabrikken bygde dette til arbeidarane sine i 1962, og 2012 var det renovert i eit samarbeid mellom museet og Salhus Vel. Bassenget er 1 m djupt og er fint og trygt for barn. Det er stupebrett på området. Du finn bassenget bak fabrikkanlegget. Det er dessverre ikkje toalett på badeplassen, men museet sine toalett kan brukast i opningstida.

 

 

Image: