Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Bukseselar, band og BH-stropper

Publisert den 19.09.2014 - 13:27
19.09.2014 - 13:27

Norsk Trikotasjemuseum gjer no djupdykk i arkivet etter tekstilbedrifta Trengereid Fabrikker (1895-1999). I samarbeid med Bergen Byarkiv har vi starta arbeidet med å ordne arkivet. 

Trengereid Fabrikker var ein storprodusent av lisser, band, snorer, og elastikk. Produktspekteret romma alt frå isolasjonsband og etikettar, til BH-stropper og selar. Bedrifta vart grunnlagd på Trengereid i 1895 av Johan Jebsen, bror til industripioneren Peter Jebsen. Allereie i 1909 vart den utvida med ei avdeling på Solheim i Bergen. Fabrikkane vart drivne av sonen, Karl Jebsen, fram til 1950. I 1974 slo bedrifta seg saman med Oslo Baand & Lidsefabrik og skifta namn til Cebelle-Trengereid.

Drifta på Trengereid vart nedlagd i 1987, medan fabrikken på Solheim var i drift heilt fram til 1999. Ein del av maskinparken og produkta tek vi no vare på ved Norsk Trikotasjemuseum, og bedriftsarkivet er hos hos Bergen Byarkiv. Trengereid Fabrikker var ein viktig aktør i tekstilindustrien i Hordaland, og vi er svært glade for kunne ta tak i dette arbeidet. 

Prosjektet er støtta av Kulturrådet.

 

reklame for produkter fra Trengereid Fabrikker

Reklame for produkt frå Trengereid Fabrikker, truleg frå rundt 1950-talet. Ukjent reklamebyrå. (Bergen Byarkiv, A-2937)