Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Bergenhus - festivalvott for Bergen Strikkefestival

Publisert den 28.08.2020 - 13:31
28.08.2020 - 13:31

Mønsteret er inspirert av vestlandske mønstertradisjonar, og er designa av Birger Berge for Bergen Strikkefestival.

I Nordfjord hadde dei stolpetrøyene, som er tradisjonelle trøyer med vertikalt stripemønster.

I Fana har ein den kjende fanatrøya med enkle horisontale striper. Også mønstra frå trikotasjefabrikken i Salhus hadde ofte enkle stripemønster i sine mønsterarkiv, og mønstertypen og fargevala her er inspirert av desse ulike tradisjonane.

Vottane er strikka i museumstvinn frå Norsk Trikotasjemuseum.

Garnpakkar og enkeltoppskrift kan kjøpast i nettbutikken vår.