Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Bergen Strikkefestival: 27.–29. september

Publisert den 09.09.2019 - 17:26
09.09.2019 - 17:26

Velkomen til festival! 

For fjerde år på rad inviterer vi til det som må vere Bergens varmaste og trivelegaste festival, i dei historiske lokala til Salhus Tricotagefabrik. 

Og for ei helg det blir! På fredagen kan vi by på strikkequiz med stort premiedryss, moteshow med Pickles og Dagny, og konsert med Sigrid Moldestad på spoleloftet. Resten av helga har eit tettpakka program med kurs, foredrag og ein velfylt festivalmarknad. På ullaloftet kan du lage eigne buttons eller bytte vekk restegarnet ditt innimellom slaga. Nytt av året er samtalar om aktuelle tema i strikkemiljøet, leia av Jørgen og Stine frå podkasten Ferdig strikka. I år tek dei for seg inkludering og bærekraftig strikking. Det blir boksigneringar og bokprat med blant anna Birger Berge, Thea Rytter og Cathrine Valgermo. 

For deg som ikkje har bestemt deg heilt, er det enno ledige billettar på workshop i:

LAURDAG

  • Flettestrikk med Linda Marveng
  • Strikk etter engelske oppskrifter med Lotte Holmboe

SØNDAG

  • Restefest med Ullsalong (versjon 2.0)
  • Japanske mønster med Linda Marveng

Les meir om programmet på bergenstrikkefestival.com

Kjøp billettar på Tikkio