Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Bergen Strikkefestival: 25.-27. september 2020

13.04.2016 - 15:00
 

Velkommen til Bergen Strikkefestival 25.-27. september 2020

For femte året på rad gjer vi fabrikken om til ein strikkefabrikk når vi opnar dørene til det som kanskje er Bergens varmaste og trivelegaste festival. Også i år vil det bli arrangert foredrag, kurs, marknad og konsertar frå fredag til søndag.

Meir informasjon om programmet kjem på bergenstrikkefestival.comFacebook og Instagram.

Kjøp billettar på Tikkio

 

Viktig informasjon om billettar

  • Dagspass og helgepass gir tilgang til alt av felles program, marknad og kafé. Desse billettene inkluderer ikkje kurs.
  • Kursbillett er også gyldig som dagspass (alt av felles program) den dagen kurset er.
  • Vi sel også eit avgrensa antal billettar berre til garnmarknad og kafé: desse er det ikkje førehandssal på og må kjøpast i døra.
  • Vi refunderer ikkje billettar, med mindre heile festivalen eller kurset du har kjøpt billettar til blir avlyst.

 

Kontakt oss: strikkefestival@muho.no