Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Bergen Strikkefestival 2020: 25.–27. september

Publisert den 20.02.2020 - 12:02
20.02.2020 - 12:02

Bergens varmaste festival fyller 5 år! Vi inviterer til tre dagar med kurs, foredrag, garnmarknad og mykje anna moro.

 

Bergen Strikkefestival: 25.-27. september 2020

For femte året på rad gjer vi fabrikken om til ein strikkefabrikk når vi opnar dørene til det som kanskje er Bergens varmaste og trivelegaste festival. Meir informasjon om programmet kjem på bergenstrikkefestival.comFacebook og Instagram.

 

Viktig informasjon om billettar

  • Dagspass og helgepass gir tilgang til alt av felles program, marknad og kafé. Desse billettene inkluderer ikkje kurs.
  • Kursbillett er også gyldig som dagspass (alt av felles program) den dagen kurset er.
  • Vi sel også eit avgrensa antal billettar berre til garnmarknad og kafé: desse er det ikkje førehandssal på og må kjøpast i døra.
  • Vi refunderer ikkje billettar, med mindre heile festivalen eller kurset du har kjøpt billettar til blir avlyst.

 

Kontakt oss: strikkefestival@muho.no