Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

1860-bustaden

I 2013 gjorde Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) ein fargeundersøking av arbeidarbustaden frå 1860. Huset var den fyrste arbeidarbustaden i Salhus, og bygd berre eit år etter at Salhus Tricotagefabrik blei etablert.

Dei fyrste åra budde det så mange som 42 menn i huset, og dei delte både sovesal og kjøkken. Etter kvart blei det oppført fleire arbeidarbustader, og 1860-bustaden blei gjort om til leilegheiter. Bustaden har sidan vert bygd om fleire gonger.

Bilete til høgre: Kjøkken i leilegheit frå 1963.
 

I 2014 begynte vi å planlegge korleis vi kan formidle og ta vare på arbeidarbustadens historie. Det ble tidleg klart at vi ønskjer å føre nokon av leilegheitene tilbake til ulike periodar. Sommaren 2015 stod den fyrste leilegheita klar. Leilegheita er ført tilbake til 1963, da Klara Delph og dottera hennar budde der.

 

 

Bilete: Frå arbeidet i1930-leilegheita.

Bilete: Taptelag i 1930-leilegheita.

Bilete: Under ei plate på kjøkkenet fann vi to myntar og eit frimerke. Kanskje ein beskjed til framtida om korleis myntane såg ut?

14.01.2016 - 10:15