Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



1600 strikkarar besøkte Salhus i helga

Publisert den 03.10.2019 - 10:38
03.10.2019 - 10:38

I helga arrangerte Norsk Trikotasjemuseum Bergen strikkefestival for fjerde gong. Festivalen sette fokus på tema som berekraft og inkludering, og stilte med eit festivaldesign inspirert av Bergensvêret.

 

Rundt 1600 personar tok turen innom og fekk med seg eit breitt program innan strikking: kurs, foredrag, konsert, marknad og aktivitetar og kafé. På kursfronten kunne du blant anna lære spinning på handtein, å brodere på strikkeplagg, og bli inspirert til å ta i bruk restegarnet ditt på nye måtar. Marknaden baud på over 30 utstillarar som baud på handfarga garn, lokalprodusert norsk ull, pinnar, maskemarkørar, strikkenett og mykje meir. Marte Nilssen stod bak festivaloppskrifta BerGenseren, strikka i norsk ull frå Hillesvåg og med handfarga "nedbørslus" frå Værbitt Garn.

Sigrid Moldestad trio heldt ein stemningsfull konsert på Ullaloftet på fredag kveld, og festivalprogrammet elles baud på samtalar om berekraft og inkludering, og inneheldt blant anna namn som Linda Marveng, Julie Dubreux, Thea Rytter og Birger Berge.

Bergensvêret viste seg frå si beste side, stemninga var god, og mange av festivalgjestane var her heile helga. Vi var, i ordets rette forstand, ein viktig møteplass for heile landets strikkarar, og ein del hadde reist lengre enn det òg.

Vi vil gjerne takke alle våre dyktige frivillige og alle andre som har stått på og vore med på å gjere også dette festivalåret så bra som det blei. Vi hadde ikkje klart det utan dykk!

Sjå innslaget om festivalen på NRK Hordalandein lengre versjon av innslaget frå Dagsrevyen søndag kveld, og dekninga frå TV Vest HordalandBergens Tidende har skrive om Jørgen Johnsen frå podkasten Ferdig strikka, som var konferansierar og leia samtalar på scena laurdag og søndag. Inger Christensen frå Kreativ Mormor, ein av utstillarane på marknaden, har blogga om sitt første møte med festivalen.

Takk til alle som kom, og velkommen tilbake neste år!