Museumssenteret i Hordaland

Utvandringssenteret


logo trikotasjemuseet

Information in English

Førstesida muho.no

Opningstider og priser

Salhus Tricotagefabrik

150års-jubileum

Om Norsk Trikotasjemuseum

Utstilling

Undervisning

For barn

Strikkekafé

Kafé og utleige

Porten museumsbutikk

Publikasjonar

Kontaktinfo

Norsk kulturarv - Olavsrosa

Teknikk & industri i Bergen

 


Norsk Trikotasjemuseum

På Norsk Trikotasjemuseum får du vera med på ei omvising i den gamle fabrikken. Du kjenner lukta som heng igjen i veggane etter hardt arbeid og lang produksjon, og du får sjå det gamle karderiet, spoleloftet, strikkeloftet og syloftet og oppleva dei gamle maskinane i sving. Du får også sjå filmen om Salhus der tidlegare arbeidare fortel om korleis det var å jobba på fabrikken.

Salhus Tricotagefabrik blei etablert i 1859, og i 2001 opna Norsk Trikotasjemuseum i lokala til den gamle fabrikken. Trikotasje betyr strikka tekstil, og fabrikken produserte plagg i bomull og ull fram til fabrikken stengde i 1989. Kanskje kjenner du varemerket Krone, kvalitetsmerket på undertøyet som kjem herifrå?

Me har også skiftande utstillingar, museumsbutikk og ein enkel kafé med varme smårettar om sommaren og på søndagar.

Siste nytt:

STRIKKEKAFÉ HAUSTEN 2010

Her finn du haustens program for strikkekafeane.

LEDIGE PROSJEKTSTILLINGAR

Ledige prosjektstillingar med Norsk Trikotasjemuseum - les meir her.

 

VI LAGER TEATER!

Norsk Trikotasjemuseum arbeider nå med å lage framsyninga: ”Vi er ikke kommet til jorden for noe gjestebud.”  
Stykket skal spelast 22, 23 og 24 oktober .  Les meir her.

”FAR OUT ODDITY” PÅ NORSK TRIKOTASJEMUSEUM
utstilling nt

Seks unge kunstnarar står bak sommarutstillinga som opnar 28. mai.

Les meir her.

Annette Thommessens minnepris til "KULTURELL VEVING"

Prosjektet Kulturell Veving i Bergen hadde utstillinga "There is no place like home" ved Norsk Trikotasjemuseum tidlegare i år. Les meir om prisen her.

KULTURMINNELØYPE
kulturminneløype

Nå kan du finne ut om livet i Salhus ved å gå vår nye kulturminneløype.

Den starter på fabrikkveggen til Norsk Trikotasjemuseum og frå den kan du gå vidare dei ni neste postane som er fordelte på området rundt fabrikken.

Les om livet til arbeidarane og sjå inn i vindauga i den gamle arbeidarbustaden og skulehuset.

Du får også vite litt om korleis det var å jobbe på fabrikken. God tur!

Les meir her.

 
 

Her kan du sjå gamalt nytt

på terrassen

ute i sola

Kontakt webmaster Sist oppdatert: 7-sep-10