Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Vi søkjer etter direktør og personalleiar

Publisert den 13.09.2018 - 09:03
13.09.2018 - 09:03

Direktør

Vi søkjer ein tydeleg leiar for ein av dei fremste kulturberarane i Hordaland. 

MuHo er ein organisasjon i utvikling som har spanande oppgåver, der kultur- og merkevarebygging vil stå i fokus. Vi ser etter ein trygg leiar som vil vera med å vidareutvikla eit godt fagmiljø, har kommersiell teft og trivst med å representere musea i det offentlege. Erfaring frå kultursektoren er ein fordel.

Direktøren har det overordna ansvaret for å utvikle verksemda.

Søknadsfrist 24. september 2018

Les meir om stillinga og kontaktinformasjon her.

Personalleiar

Bli med på å utvikle og trygge menneska som forvaltar historiene i Hordaland.

Den noverande personalleiaren skal gå av med pensjon, og vi søkjer etter ein etterfølgjar. Personalleiaren har ei viktig rolle i den strategiske og heilskaplege utviklinga av Museumssenteret.

Den rette personen har erfaring med både operativt og strategisk HR-arbeid, har god systemforståing og motiverer og utviklar andre. Fleksibilitet og gode kommunikasjonsevner er også viktige føresetnader.

Søknadsfrist 24. september 2018

Les meir om stillinga og kontaktinformasjon her.