Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Ta vare på minna frå ei annleis grunnlovsfeiring

Publisert den 12.05.2020 - 14:59
12.05.2020 - 14:59

 

17. mai 2020 - ein heilt uvanleg dag!

I år var det ein annleis nasjonaldag. Folk vart utfordra til å markere dagen på nye og oppfinnsame måtar. Dette vil norske museum høyre meir om. 

·       Kva pleier du å gjere på 17. mai?

·       Kva gjorde du 17. mai 2020?

·       Send gjerne inn gamle og nye bilete frå 17. mai!

Innsamlinga skjer på denne nettadressa: https://minner.no/tema/17mai2020

Museum i heile Noreg inviterer no folk til å dokumentere sin 17. mai – både korleis dagen vanlegvis har vore og korleis den vart i dette uvanlege året. Alle bidrag vil gje eit verdifullt tidsbilete – eit reservoar av forteljingar bevart i musea sine samlingar. 

Kampanjen er eit samarbeid mellom museum over heile landet. På denne dagen er det mange som har faste tradisjonar, men akkurat kva som står på programmet og korleis det vert gjennomført varierer frå stad til stad og frå person til person. Korleis ser din normale 17. mai ut? Kva må til for at du skal komme i stemning? Et det noko du ikkje kan være forutan? Er det noko du gjerne kunne unngått? Kva er 17. mai for deg? Korleis vart det i år?

Innsamlinga skjer gjennom portalen minner.no. Her kan alle som ønsker, dele forteljingar, fotografi eller film.  Den som deltar kan velgje om bidraget skal publiserast på nettstaden, slik at alle kan sjå det, eller berre være for forsking.

Ikkje alle har kompetanse til å bruke digitale løysingar, som nettportalen minner.no. Vi håper difor at barn, vaksne og eldre kan hjelpe kvarandre, slik at dei som vil vere med får deltatt. Alle forteljingar er verdifulle!

Sjå kva kulturminister Abid Raja har å seie om prosjektet!

Takk for at du bidrar til å bevare minner!

Kva skjer

Opningstider koronasommaren 2020 (15.06.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)
Utvandringsfestivalen 2020 - Koronasommaren (03.07.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)
Rita som i ein draum - utsett til 2021 (18.09.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)
Livet på Prærien - familiedag (20.09.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)
Bergen Strikkefestival 2020: 25.–27. september (25.09.2020 - Norsk Trikotasjemuseum)
Ullveka på Prærien (21.10.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)
Halloween på Prærien (31.10.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre

 

Museumslosen - lenke