Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Sommar på Norsk Trikotasjemuseum

Publisert den 06.07.2018 - 13:08
06.07.2018 - 13:08

Endeleg er sommaren her! Bli med inn i dei gamle produksjonshallane ved Norsk Trikotasjemuseum i Salhus. Alle gjestar får tilbod om å sjå filmen om Salhus Tricotagefabrik og vere med inn i fabrikken. Kjenn lukta av gamle hus og høyr lyden av tvinnemaskina. Sjå korleis sokkar blir strikka på Bentley Komet frå 1960-talet, ei maskin med mekanisk programmering. Dyktige omvisarar fortel om korleis menneske og maskiner saman trylla fram Krone Maco og varme islendarar. Før eller etter omvising kan du gå på eiga hand i utstillinga i Galleri Salhus.

I sommar viser vi den brennaktuelle fotoutstillinga Working Poor Road Trip av Søren Zeuth og Peter Rasmussen, om endringane som skjer europeisk arbeidsliv i dag. Bergens Tidende trilla seks på terningen, og meinte at dette er ei utstilling du bør få med deg i sommar.

I museumsbutikken kan du kjøpe genserar, sokkar og garn som er tvinna og strikka på dei gamle maskinene, og vi har mange inspirerande strikkebøker. Nytt i sommar er at vi har fått inn den geniale såpa Soak som kan brukast til handvask av ulike materialar.

I kafeen kan du nyte ein god kopp kaffi og eit godt utval av kaker eller vaflar. Er du meir svolten, kan vi by på pai med salat eller rundstykke med godt pålegg. Alt er heimelaga på museet.

Kvar dag kl. 12.30 er det eiga omvising for dei minste, der sauen Bæændik viser korleis ull kan bli til undikk! Det er både leikar og aktivitetsbord for kreative barn i alle aldrar i kafeen, slik at dei vaksne kan slappe av med ein kaffikopp og nyte utsikta over fjorden. På varme dagar kan du ta turen innom badeplassen like ved museet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kva skjer

Førjulsstemning på Lyngheisenteret (25.11.2018 - Lyngheisenteret)
Utekino på Prærien - Grinchen (25.11.2018 - Vestnorsk utvandringssenter)
Strikkekafé - Linda Marveng (27.11.2018 - Norsk Trikotasjemuseum)
Vinternatt - førjulskonsert i Emigrantkyrkja (29.11.2018 - Vestnorsk utvandringssenter)
Handarbeidstreff 5 desember (05.12.2018 - Osterøy museum)
Kundekveld i museumsbutikken (13.12.2018 - Norsk Trikotasjemuseum)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre

Museumslosen - lenke