Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Ruter og lus: ny strikkebok frå Norsk Trikotasjemuseum

Publisert den 07.08.2018 - 10:25
07.08.2018 - 10:25

 

Foto: Tove Lise Mossestad

La deg inspirere av mønster frå ein av dei første norske tekstilfabrikkane. I samarbeid med Museumsforlaget har arkivmateriale frå Salhus Tricotagefabrik endeleg blitt bok: Ruter og lus - retrostrikk frå Salhus Tricotagefabrik.

I boka har vi late oss inspirere av korleis fabrikken sette saman og utvikla mønster, og saman med gode strikkedesignarar har vi laga nye oppskrifter på plagg du kan strikke for hand. Her finn du oppskrifter av Birger Berge, Siv Dyvik, Siri Angela Gamborg, Berit Løkken, Birte og Margareth Sandvik, Dianna Walla og Kristin Wiola Ødegård. Vi fortel historia om trikotasjefabrikken utanfor Bergen og strikkeplagga som blei produserte der.

I boka får tradisjonelle islendarar og arbeidstrøyer frå fabrikken nytt liv som genserar, jakker, kjolar, interiørstrikk og tilbehøyr. Plagga kjennest både retro og moderne på same tid, med grafisk mønsterstrikk og moderne snitt. Dei passar til både ungdom og vaksne, og mange har enkel montering med raglanfelling. Vi trur du vil elske dei!
 

Du finn boka i bokhandelen i september, i butikken på Norsk Trikotasjemuseum og på www.museumsforlaget.no. 

Vi gler oss til å lansere boka under Bergen Strikkefestival 28. september!

 

Bokprosjektet er støtta av Bergen kommune.

Foto: Tove Lise Mossestad

Foto: Tove Lise Mossestad