Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Ruter og lus er i butikken!

Publisert den 06.09.2018 - 08:53
06.09.2018 - 08:53

No er strikkeboka vår i butikken! La deg inspirere av mønster frå ein av dei første norske tekstilfabrikkane. I samarbeid med Museumsforlaget har gamle mønster frå Salhus Tricotagefabrik endeleg blitt bok: Ruter og lus - retrostrikk frå Salhus Tricotagefabrik

Vi har latt oss inspirere av korleis fabrikken sette saman og utvikla mønster, og saman med gode strikkedesignarar har vi laga nye oppskrifter på plagg du kan strikke for hand. Her finn du oppskrifter av Birger Berge, Siv Dyvik, Siri Angela Gamborg, Berit Løkken, Birte og Margareth Sandvik, Dianna Walla og Kristin Wiola Ødegård. Vi fortel historia om trikotasjefabrikken utanfor Bergen og strikkeplagga som blei produserte der.

I boka får tradisjonelle islendarar og arbeidstrøyer frå fabrikken nytt liv som genserar, jakker, kjolar, interiørstrikk og tilbehøyr. Plagga kjennest både retro og moderne på same tid, med grafisk mønsterstrikk og moderne snitt. Dei passar til både ungdom og vaksne, og mange har enkel montering med raglanfelling. Vi trur du vil elske dei! Kjøp boka i butikken vår, din næraste bokhandel eller på www.museumsforlaget.no. Vi gler oss til å lansere boka under Bergen Strikkefestival 28. september!

 

Bokprosjektet er støtta av Bergen kommune.

Kva skjer

Reis med "Gamle Dampen" D/S Oster til musea i sommar (23.06.2019 - Museumssenteret i Hordaland)
Bokdykk på Lygra (23.06.2019 - Lyngheisenteret)
Kurs i veving av varafell på oppstadvev 2019 (24.06.2019 - Osterøy museum)
Laftekurs på Osterøy museum (28.06.2019 - Osterøy museum)
Utvandringsfestivalen 2019 (28.06.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Kurs i spinning med Elizabeth Johnston (30.06.2019 - Osterøy museum)
Slåttasundag på Lyngheisenteret (30.06.2019 - Lyngheisenteret)
Sommarkonsert med Stíne Norse (07.07.2019 - Lyngheisenteret)
Vikingdag på Lygra 4. august 2019 (04.08.2019 - Lyngheisenteret)
Ein kveld med Sjur Hjeltnes på Prærien (30.08.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Kulturkveld - "Vinje vår mann" (04.09.2019 - Lyngheisenteret)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre

Museumslosen - lenke