Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Riksantikvaren på Norsk Trikotasjemuseum

Publisert den 12.05.2016 - 10:38
12.05.2016 - 10:38

 

"Ein gøymt juvel", sa Riksantikvar Jørn Holme, då han og leiargruppa hans besøkte Norsk Trikotasjemuseum i går, 11. mai. Holme var svært begeistra over korleis vi forvaltar eit av Riksantikvaren sitt prioriterte industriminne, Salhus Tricotagefabrik, som er eit av dei 15 nasjonale industriminna på lista deira over utvalde teknisk industrielle kulturminne. 

Etter ein presentasjon av museet og ein god lunsj med heimelaga rundstykke og kaker, viste vi fram fabrikkanlegget, utstillingane, arbeidarbustadane og uteområdet. Holme blei særleg imponert over alle maskinane som vi demonstrerer og produserer på. På desse strikkar vi opp metervarer som blir både genserar, pulsvarmarar og anna fint som vi sel i museumsbutikken. Vi gav Holme ein "Salhusgenser" og det vart han svært glad for! 

Vi fekk ikkje berre gode tilbakemeldingar på at vi forvaltar anlegget på ein god måte, men også over glimrande formidling om den norske tekstilindustrien si historie, og at vi har sett fokus på dagens tekstilarbeidarar i India som vi viser i ei eiga utstilling. 

For oss som jobbar på Norsk Trikotasjemuseum er eit slikt besøk veldig stas, og etter slike dagar er det ekstra givande med å jobbe med å ta vare på samfunnet si industrihistorie.

 

 

 


 











 

 

Kva skjer

Den vanskelege reisa (23.09.2018 - Vestnorsk utvandringssenter)
Bergen Strikkefestival 28.-30. september 2018 (28.09.2018 - Norsk Trikotasjemuseum)
Handarbeidstreff 3 oktober (03.10.2018 - Osterøy museum)
Babettes gjestebod (16.10.2018 - Vestnorsk utvandringssenter)
Rune Alver speler komponisten Signe Lund (21.10.2018 - Vestnorsk utvandringssenter)
FabrikkFest! (28.10.2018 - Norsk Trikotasjemuseum)
Strikkekafé - #Weknit med Anett Opheim (30.10.2018 - Norsk Trikotasjemuseum)
Handarbeidstreff 7 november (07.11.2018 - Osterøy museum)
Handarbeidstreff 5 desember (05.12.2018 - Osterøy museum)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre