Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Reis med "Gamle Dampen" D/S Oster til musea i sommar

Publisert den 12.06.2019 - 11:34

Sundagane 23.06, 30.06, 07.07 og 14.07​

Denne sommaren kan du oppleve den fantastiske fjordkysten nord for Bergen med veteranbåt i kombinasjon med besøk på eit av musea våre. Er du interessert i industrihistorie, er Norsk Trikotasjemuseum i Salhus muséet for deg. Ønsker du frisk luft, kulturhistorie og å møte villsauen i sitt rette element, velger du turen til Lyngheisenteret på Lygra. Synes du den norske utvandringa til Amerika er eit spennande tema, er Prærielandsbyen på Sletta rette plassen for deg. Felles for alle musea er at dei er med i den nye Ullruta, kor utstillingar og opplevingar har fokus på ull, men som likavel er knytta opp mot det kvart musé står for. Vi kan nemne utstilling om "Ull på Prærien" på Vestnorsk Utvandringssenter, "0011" av Camilla Bruerberg på Norsk Trikotasjemuseum og "Strikk frå Nordhordland" på Lyngheisenteret. Uansett får du ein flott båttur og ei spennande oppleving. "Gamle Dampen" har 4 avgonger frå Bergen til musea våre denne sommaren, så her er sjølvsagt høve til å reise fleire gonger.

Sundagane 23.06, 30.06, 07.07 og 14.07​

Avgong: 
10.00 Bergen
11.00 Salhus
11.15 Frekhaug
12.45 Lygra
13.15 Sletta

Retur:
15.15 Sletta
15.45 Lygra
17.30 Frekhaug
17.45 Salhus
18.45 Bergen

23. juni kl. 13:30 vert det Bokdykk med Ingeborg Askeland på Lyngheisenteret http://www.muho.no/lyngheisenteret/bokdykk-på-lygra

30. juni kl. 13 - 16 er det Familiedag i Prærielandsbyen http://www.muho.no/vestnorsk-utvandringssenter/utvandringsfestivalen-2019  og kl. 12-16 Slåttasundag på Lyngheisenteret.

7. juli kl 14:00 Sommarkonsert med Stine Norse på Lyngheisenteret http://www.muho.no/lyngheisenteret/sommarkonsert-med-stíne-norse

Takstar: 
Bergen - Salhus kr. 100
Bergen/Dreggen til Lygra og Sletta t/r kr. 500
Salhus/Frekhaug til Lygra og Sletta t/r kr. 400
Lygra - Sletta kr. 50
 
Barn halv pris
Billettsal ombord og på www.oster.no

Om du berre vil ta Oster ein veg, og t.d. buss tilbake, sjå skyss.no

12.06.2019 - 11:34

Kva skjer

Ein kveld med Sjur Hjeltnes på Prærien (30.08.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Kulturkveld - "Vinje vår mann" (06.09.2019 - Lyngheisenteret)
Kom i gang med plantefarging (07.09.2019 - Osterøy museum)
Familiedag på Prærien (08.09.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Med tradisjon og fantasi - utforsk oppstadveven (19.10.2019 - Osterøy museum)
Lag dine eigne tresko (19.10.2019 - Osterøy museum)
Ull på Prærien i Ullveka (23.10.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Bokdykk i ulne mysterier med Gunnar Staalesen (27.10.2019 - Lyngheisenteret)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre

Museumslosen - lenke