Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Prosjektleiar i 100 % stilling i 6 mnd

Publisert den 01.03.2017 - 08:35
01.03.2017 - 08:35

 

Museumsløftet

Musea i Hordaland forvaltar i dag ei stor bygningsmasse som inneheld både freda, kulturhistoriske og ikkje-kulturhistoriske bygg. Vedlikehalds- og restaureringsoppgåvene er omfattande og musea har ikkje tilstrekkeleg økonomiske ressursar til å følgje opp dette.

Prosjektet Museumsløftet si hovudoppgåve er å synleggjere det store behovet for vedlikehald og investering knytt til museale bygg. Samt å peike på at større økonomiske midlar må løyvast, slik at musea kjem opp på eit akseptabelt vedlikehaldsnivå og kan etablere rutinar for førebyggande vedlikehald. For å løyse denne oppgåva søkjer vi etter

Prosjektleiar i 100 % stilling frå mai til oktober (6 mnd)

Arbeidstad : Museumssenteret i Hordaland, administrasjonen i Salhus

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

Arkitekt Arild Sætre, tlf 950 48 705

Direktør Atle Ove Martinussen, tlf 903 68 990

Søknadsfrist 19.03.2017

Les meir om stillinga og finn søknadsskjema her.

Her kan du lese heile utlysinga (pdf)

 

 

Kva skjer

Hosanger Treskofabrikk treng nye treskomakarar! (27.03.2017 - Osterøy museum)
Programslipp: Bergen Strikkefestival 2017 (28.03.2017 - Norsk Trikotasjemuseum)
Migrasong - tonane dei bar med seg over havet (17.09.2017 - Vestnorsk utvandringssenter)
Bergen Strikkefestival 2017 (29.09.2017 - Norsk Trikotasjemuseum)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre