Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Om samlingane

19.12.2013 - 10:31

Vi tek vare på historia om norsk trikotasjeindustri gjennom industriminnet Salhus Tricotagefabrik. 
Då fabrikken la ned drifta var maskinene og store delar av arkivet intakt. Norsk Trikotasjemuseum forvaltar produksjonslokala og bygninga rundt fabrikken: til saman 31 bygg inkludert arbeidarbustad (1860), skulehus (1873), lærarbustad og den første direktørbustaden. Bygningane er verna av Riksantikvaren og har ei samla golvflate på rundt 10 000 kvadratmeter.
 

Gåver

Har du noko du vurderer å gje til museet? Send ein e-post til samling.nt@muho.no med foto og ein kort omtale av det det gjeld, eller kontakt samlingsansvarleg Hanne Dale på tlf. +47 922 48 204.

Samlingsutvalet ved museet har møte ved behov, og vurderer alle tilbod til samlinga. 

 
 

Maskinparken

Museet tek vare på maskiner til ulike prosessar i produksjonen av strikka tekstilar. Vi har fleire hundre maskiner, mest frå Salhus Tricotagefabrik men òg frå andre tekstilfabrikkar i Bergensregionen og andre delar av landet. Vi tek vare på klede og tekstilar som blei produserte ved fabrikken i Salhus - dei mest kjende av desse er nok undertøysmerket Krone Maco. Vi forvaltar òg arkivet etter Oslobaserte broderibedrifta Gunnar Pedersen A/S, som produserte broderimønster og selde garn og broderiutstyr frå 1915 til 1986.

 

 

 

 
 

Kva skjer

Bergen Strikkefestival: 27.–29. september (27.09.2019 - Norsk Trikotasjemuseum)
Sigrid Moldestad på spoleloftet (27.09.2019 - Norsk Trikotasjemuseum)
Med tradisjon og fantasi - utforsk oppstadveven (19.10.2019 - Osterøy museum)
Lag dine eigne tresko (19.10.2019 - Osterøy museum)
Strikkekafé: LEIK knitwear (22.10.2019 - Norsk Trikotasjemuseum)
Ull på Prærien i Ullveka, 23. oktober kl. 18.00 (23.10.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Familiesundag i Ullveka, 27. oktober kl. 12 - 17 (27.10.2019 - Lyngheisenteret)
Bokdykk i ulne mysterier med Gunnar Staalesen (27.10.2019 - Lyngheisenteret)
Halloween på Prærien 31. oktober kl 18 - 20 (31.10.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Utekino og lystenning 24. november kl. 18 (24.11.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre

Museumslosen - lenke