Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Ny direktør i Museumssenteret i Hordaland

Publisert den 06.12.2018 - 15:08

Velkommen til vår nye direktør, Elisabeth Herdla Halvorsen

Elisabeth Herdla Halvorsen er tilsett som ny direktør ved Museumssenteret i Hordaland (MuHo). Ho tek til i stillinga 1. mars.
- Vi er svært glade for at Elisabeth har takka ja til denne stillinga  og ser fram til å samarbeide med henne, seier styreleiar Nils Marton Aadland.

Elisabeth Herdla Halvorsen har gjennom 25 år arbeidd i Bergen Kino -  dei ni siste åra som administrerande direktør. Ho har også vært informasjonskonsulent, økonomiansvarleg, marknadsansvarleg og program- og marknadsdirektør ved Bergen Kino.

Det var mange godt kvalifiserte søkjarar til direktørstillinga ved MuHo.
- Ja, det var gledeleg å registre den store interessa for denne stillinga, og vi hadde ein god og grundig prosess før vi konkluderte. Eit samla styre peikte på Elisabeth. Vi ønskjer henne velkommen og lukke til i det store og viktige arbeidet som direktør ved MuHo. Vi har stor tru på at vår nye direktør saman med dei dyktige tilsette vil lukkast i arbeidet med å utvikle MuHo vidare på ein god måte, seier Nils Marton Aadland.

06.12.2018 - 15:08

Kva skjer

Familiedag "Livet i fjøra" (28.07.2019 - Lyngheisenteret)
Vikingdag på Lygra 4. august 2019 (04.08.2019 - Lyngheisenteret)
Konsert med Try With Coffee i The Plain Saloon (16.08.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Ein kveld med Sjur Hjeltnes på Prærien (30.08.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Kulturkveld - "Vinje vår mann" (04.09.2019 - Lyngheisenteret)
Kom i gang med plantefarging (07.09.2019 - Osterøy museum)
Med tradisjon og fantasi - utforsk oppstadveven (19.10.2019 - Osterøy museum)
Lag dine eigne tresko (19.10.2019 - Osterøy museum)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre

Museumslosen - lenke