Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Dra på museumstur i sommar!

Publisert den 16.06.2020 - 09:35
16.06.2020 - 09:35

Opplev kystkulturen på Lygra, industrihistorie i Salhus, ein ekte prærielandsby på Sletta, og vestnorske tradisjonar på Osterøy. Museumssenteret i Hordaland har pakkebillettar som gjer inngang til alle musea.

Pris pr. pers: kr 200

Familiebillett (2 vaksne + 2 barn) kr 400

Billettane er for sal på alle musea, og gjeld i heile sommar for 1 besøk pr museum.

Kombiner gjerne landturen med friluftsliv og bading. Vi kan anbefale turar på Brøknipa på Osterøy, kystlyngheiene på Lygra, Haukåsen og/eller kulturløypa på Sletta, og Nordgardsfjellet ved Salhus. Eller sjå ut.no for fleire turtips.

Pga. koronasituasjonen har musea reduserte opningstider i sommar, men med ein fleksibel pakkebillett kan du enkelt planlegge besøket ditt, og dra på oppdagingar i Bergensregionen fleire gonger denne «heimesommaren». Alle musea ligg vakkert plassert i det vestlandske landskapet, noko som er ei oppleving i seg sjølv. Pga. smitteverntiltak må alle besøkande registrerast med kontaktinformasjon, så bestill gjerne ditt besøk på førehand. God tur!

Opningstider:

Norsk Trikotasjemuseum

22.06–16.08 - torsdag, fredag og sundag kl. 12–16

Billetten gjeld for omvising, film og utstilling

Vestnorsk utvandringssenter

15.06 – 28.08 - måndag, tysdag og torsdag kl. 11-16, og sundagar i juli kl. 12-17

Billetten gjeld for omvising og film

Lyngheisenteret

31.05 – 30.09 - torsdag og fredag kl. 11-15.30, sundag kl. 12-17

Billetten gjeld for film og utstilling

Osterøy museum

21.6.- 11.08 - tysdag og sundag kl.11.00 – 15.00

Billetten gjeld for utstilling og tilgang til tunet

Kva skjer

Luciasøndag (13.12.2020 - Norsk Trikotasjemuseum)
Utvandringsfestivalen 2021 (02.07.2021 - Vestnorsk utvandringssenter)
Rita som i ein draum - utsett til 2021 (10.09.2021 - Vestnorsk utvandringssenter)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre

 

Museumslosen - lenke