Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Covid-19 og retningslinjer på musea våre

Publisert den 07.07.2020 - 10:18
07.07.2020 - 10:18

 

Vi er glade for endeleg å kunne opne musea våre att. Framover kjem vi til å ha litt endra opningstider og vi ber om forståing for dette. No har vi fokus på å skape gode og trygge opplevingar, samstundes som vi skal overhalde gjeldande reglar for smittevern som er anbefalt frå FHI. Vi ber om at alle gjester respekterer desse reglene, så alle får eit fint museumsbesøk. 

 

Våre retningslinjer 

  • Personar med teikn på infeksjon i luftvegane eller i karantene ønsker vi ikkje på musea våre denne sommaren. 

  • Vi ber om at alle vaskar hender eller bruker handsprit på veg inn i museet, unngå å ta på gjenstandar eller varer de ikkje skal kjøpe. 

  • Vi oppmodar om å halde 1 meters avstand til tilsette og andre besøkande, også på omvising. 

  • Skal du følgje omvising må vi samle inn kontaktopplysningar som skal oppbevarast etter gjeldande GDPR-retningsliner i 10 dagar. 

  • Dei avdelingane som har system for bestilling ynskjer at flest mogeleg nyttar desse. 

Havråtunet er heilt stengt denne sommaren: I samband med Covid-19 og FHI sine retningsliner knytt til avstand, hygienetiltak, smittesporing m.m. er Havrå stengt for omvising/vitjande resten av året. Vi ber innstendig om at dette vert respektert. Dersom ein eller fleire av oss vert sjuke av viruset, vil det få store konsekvensar for gjennomføring av dei ulike arbeidsoppgåvene som er knytt til skjøtsel av landskapet.

Kva skjer

Bergen Strikkefestival 2020: 25.–27. september (25.09.2020 - Norsk Trikotasjemuseum)
Strikkekafé: lær deg Ravelry (20.10.2020 - Norsk Trikotasjemuseum)
Ullveka på Prærien (21.10.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)
Ullveka 2020: Strikkekafé i Ville Vesten (21.10.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)
Halloween på Prærien (31.10.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)
Halloween i Prærielandsbyen laurdag 31. oktober (31.10.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)
Utvandringsfestivalen 2021 (02.07.2021 - Vestnorsk utvandringssenter)
Rita som i ein draum - utsett til 2021 (10.09.2021 - Vestnorsk utvandringssenter)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre

 

Museumslosen - lenke