Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Broderi: no

Publisert den 08.03.2016 - 16:42
08.03.2016 - 16:42

 

Har du brodert noko i det siste? Ta bilete av det, og send det til oss!

Norsk Trikotasjemuseum opna utstillinga Klostersaum til folket! i juni, og vil gjerne at ditt broderi skal vere med. Utstillinga tek utgangspunkt i broderisamlinga vår etter firmaet Gunnar Pedersen AS (1915-86).

Men vi vil òg sjå kva folk broderer i dag, og inviterer alle til å sende oss foto av eit broderi dei har laga etter år 2000. Juleduk eller geriljabroderi, handlaga eller maskinbrodert, gjenbruk eller broderisett: vi er interesserte i alt!

Ta biletet i godt lys (gjerne om dagen), og bruk den beste oppløysinga på kameraet. Store bildefiler er bra. 

 

Namn:
Alder:
Stad:
Fortel litt om broderiet (maks 100 ord):

Skriv eit par ord om motivet eller historia bak arbeidet. Når laga du det? Kvifor? Kvar er mønsteret frå? Er det til deg sjølv, eller ei gåve? 
 

Vi tek imot fleire bidrag og viser dei på skjerm gjennom heile utstillingsperioden. Send foto og tekst til hanne.dale@muho.no

Teksten og biletet du sender vil bli vist i ei utstilling om broderi på Norsk Trikotasjemuseum i 2016. Museet reserverer retten til å korte ned på den innsende teksten ved behov.