Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Brakakledde bygningar - bok

17.03.2015 - 11:57

I samarbeid med Museumssenteret i Hordaland utgir Museumsforlaget boka Brakakledde bygningar (bygningar kledd med einer).

Boka vart lansert på Osterøy museum mandag 8. desember 2014.

Fag: Historie, bygg
Målgruppe: Allmenn, profesjonsmarkedet
ISBN 9788283050172
151 sider Innb. Pris: Kr 350,– + evt. porto

Bestilling gjer du til: osteroymuseum@muho.no

Personvernfråsegn finn du her

Boka si nettside finn du her.

Brakakledning er ein flettverksteknikk med røter langt attende i tid. Bygningar kledde med brakje (einer) er med rette kalla Hordaland sine kvardagskatedralar. Dei har ein særprega kvalitet, anten dei er velhaldne eller nedslitne. Kledningsmåten finst nesten berre på Strilelandet, med Osterøy som sentrum, men høyrer til ein alderdommeleg byggjeskikk med mykje større utbreiing tidlegare. Korleis kan det ha seg at ein slik primitiv byggjeskikk er halden ved like i dag?

I denne boka vert den særeigne kledningsmåten sett inn i ein historisk samanheng med vekt på utbreiing, bruk og på endringar over tid. Skiftande arbeidsmåtar, slik som me kjenner dei, fortel i sin tur om læring og tradisjonsformidling. Til slutt vert det drøfta kva som kan liggja som føringar i ein framtidig verneplan. Boka inneheld historiske og nye bilete av brakakledning, kart over utbreiing og register.

Randi Andersen er historikar og tilsett som avdelingsleiar på Osterøy museum, Museumssenteret i Hordaland. Ho har tidlegare skrive Gausdal bygdebok band 2 (1989) og Arna bygdebok band 1 – Frå dei eldste tider til 1840 (1999). Ho har vore redaksjonssekretær i Havråboka (1994) og arbeidd med ulike prosjekt, i tillegg til lokalhistoriske artiklar. - 

Kva skjer

Jonsok med "Allsong på stranda" (23.06.2018 - Lyngheisenteret)
Sommarkurs Osterøy museum 2018 (24.06.2018 - Osterøy museum)
Slåttesundag på Lyngheisenteret (24.06.2018 - Lyngheisenteret)
Kurs i veving av varafell på oppstadvev (25.06.2018 - Osterøy museum)
Utvandringsfestivalen 2018 (29.06.2018 - Vestnorsk utvandringssenter)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre