Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Besøk våre museum i sommar

Publisert den 06.06.2019 - 12:01
06.06.2019 - 12:01

Du treng ikkje reise langt for å oppleve noko heilt nytt i sommar. Besøk våre museum og bli betre kjend med Osterøy, Radøy, Lygra og Salhus. 

På Osterøy museum lærer du om levemåtane i bygdene nord for Bergen, og på Havråtunet får du oppleve ein unik gard som fortel gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv.

Besøk Prærielandsbyen på Vestnorsk utvandringssenter med bygningar som er flytta frå USA til Radøy, og utforsk kulturlandskapet og lyngheiene på Lyngheisenteret på Lygra.

Bli kjend med den nære industrihistoria gjennom ei omvising i Salhus Tricotagefabrik (1859 – 1989) på Norsk Trikotasjemuseum.

 

Osterøy museum

Friluftsmuseum med strilehus frå perioden 1600-1900. Utstillingar om bruk av tre og tekstil - lokalt material til nytte og pryd. Levande bygnings- og tekstilhandverk.

Opningstider

  • Mandag - torsdag kl. 11-15
  • Juli også ope på sundager
  • Aktivitetsdagar for born: 26.6.-31.7

Besøk museet

  • Med bil: Frå Bergen sentrum til Osterøy museum tek det omlag 45 minutt med bil. Vegskildring finn du her.

  • Med buss/tog: Ta toget frå Bergen til Arna. Deretter tek du buss nummer 200 frå Arna stasjon mot Lonevåg, og går av på Presttun. Frå busstoppet til museet tek det omlag 5 minutt å gå. Følg skiltinga. Heile turen tek omlag ein time. Meir info hos skyss.no

 

 

Havråtunet, Osterøy

Havrå er en gard i drift. Tre av dei åtte bruka er drifta av museet, dei fem andre av dei private grunneigarane. Garden er freda som kulturminne. Forvalting av garden har hovudprioritet, der skjøtsel av inn-og utmark, samt restaurering av bygg vert gjort slik ein fann det i spadebruket.  Museet har særleg fokus på kunnskap knytt til korleis produsera mat og vyrke på stadeigne ressursar.

Opningstider juni - august med omvising

  • Kvar sundag kl. 12.00 og 13.30.
  • I skulens ferie: omvising kvar tysdag og onsdag kl. 12.00 og 13.30.
  • Elles ope etter avtale. Hund ikkje tillatt i tunet.

Besøk museet

  • Med bil: Ta E39 frå Bergen til Åsane og følg E16 vidare mot Arna. Følg skilting mot Osterøy og Havråtunet.
  • Med buss/tog: Ta toget frå Bergen til Arna. Ruteinformasjon for toget finn du her. Deretter tek du buss nummer 200 frå Arna stasjon mot Haus. Gå av på Kvisti og bytt til buss nummer 201 mot Bruvik. Gå av på stoppet Havrå. Meir info hos skyss.no.

 

 

Vestnorsk utvandringssenter, Sletta

Opplev utvandringshistoria gjennom film og ei guida vandring  i Prærielandsbyen, kor alle bygnadane er henta originalt frå Amerika og bygd opp att på Sletta. Gratis rebusløype for barn. Kulturløype for vaksne. Sykkelutleige. Nytt i år: Utvandringssenteret er med i Ullruta!

Opningstider

  • 26.05 – 16.06:  Laurdag og sundag kl. 12 – 15
  • 18.06 – 18.08:  Laurdag og sundag kl. 12 – 15, tysdag til fredag kl. 12 – 17, måndag stengt.

Arrangement

Utstillingar

  • «Ull på Prærien». Nybyggarstova frå 1869 er innreda med interiør og tekstil, som fortel historia om korleis emigrantane budde den gong dei utvandra, og om norsk ull som møtte bomull på Prærien. Utandørs kan du oppleve ei lita utstilling som fortel om emigrantanes klede og tekstil, heime og i Amerika, og om ull på utvandring og bomull på innvandring. I Lærarbustaden kan du sjå «Minne frå ein krig». Gjennom film, bilete og gjenstandar fortel krigsveteran John Pettersen (1915 – 2016) om tida i Bataljon 99.
  • For grupper har vi den digitale utstillinga «Den vanskelege reisa».

Besøk museet

  • Med bil: Frå Bergen følger du E39 nordover gjennom Åsane til Vågsbotnen og vidare over Nordhordlandsbrua mot Knarvik. I Knarvik følger du RV 57 til Isdalstø og vidare RV 565 mot Radøy vidare rett fram til Sletta. Du finn vegen til Vestnorsk Utvandringssenter og Sletta etter ca. 20 min. køyring på RV 565. Ikkje ta av til Manger. Turen tek om lag 50 min. frå Bergen. Adresse: Hellandsvegen 541, 5939 Sletta
  • Med buss: Buss nr. 300 frå Bergen busstasjon til Knarvik busstasjon. Buss nr. 320 frå Knarvik til Austmarka Buss nr. 326 frå Austmarka til Sletta. Meir info hos skyss.no

 

 

Lyngheisenteret, Lygra

Lyngheisenteret har restaurant med lokalmat, kiosk, filmvisning, utstilling og museumsbutikk. Ute er det flotte turområde i historisk landskap, og i Naustvika er det fint å bade. Sykkelutleige. Gratis familieløype med oppgåver i terrenget. Gardsdrift.

Opningstider

  • 14.04 - 30.09: Onsdag, torsdag og fredag kl. 11.00 - 15.30 
  • Sundagar: kl. 12.00 - 17.00
  • Vi tek i mot grupper, kurs og konferanse, selskap og skuleklassar etter avtale heile året.

Arrangement

Besøk museet:

  • Med bil: Følg E39 frå Bergen nordover, i rundkjøringa før Knarvik ta til venstre (RV57) mot Leirvåg (Mongstadvegen), følg rv 57 til Seim og følg skiltinga vidare til Lyngheisenteret. Med bil tar det ca 30 min frå Knarvik.
  • Med buss: Ta buss nummer 300 frå Bergen til Knarvik skysstasjon. Det går rutebuss til Lyngheisenteret frå Knarvik, rute 310/311/313 til Lygra snuplass. Lygra snuplass ligg circa 15 minutter frå senteret. Meir info hos skyss.no.
  • Med båt: Med Norled sin ekspressbåt tar det ca 50 min frå Bergen. Ein må bestille stopp på Lygra hos Norled éin dag før reisa til/frå Lygra. På vestsida av Ytre Lygra er det ein eigen flytekai for Lyngheisenteret. Her stoppar ekpressbåtane frå Bergen eller Sogn og Nordfjord. Rutetider / (Regional rute - Sogn 7 Nordfjord / Flåm - Bergen). Lygra kai ligg 15min gange frå Lyngheisenteret. Stien fra kaien er ikkje egna for gjester med gangvansker.

 

 

Norsk Trikotasjemuseum, Salhus

Besøk det verna industriminnet Salhus Tricotagefabrik (1859-1989). Bli med på omvising i fabrikken og lær om produksjonen frå ull til ferdige klede. Opplev maskiner i drift og høyr omkorleis det var å arbeide i fabrikken. Sjå filmen "Det var ein gong ein fabrikk..." . I museumsbutikken selges eigenproduserte skjerf, sokkar og gensarar som er strikka på museet. Ta ein pause i kaféen som sel heimlagde kaker, vafler og rundstykke. 

Opningstider:

  • Søndag 27. januar- søndag 23. juni: tirsdag-fredag 11-15, søndagar 12-17
  • Mandag 24.6 - fredag 30.8: søndag-fredag 12-17
  • 1.9-8.12: tirsdag-fredag 11-15, søndagar 12-17
  • Ønskjer du å besøke museet utenom opningstid? Ta kontakt på epost: bestilling.nt@muho.no

Utstillingar:

Besøk museet:

  • Med bil: 17 min frå Bryggen i Bergen. Ta E39 til Åsane og følg skilting mot Salhus. Adresse: Salhusvegen 201.
  • Med buss: Frå Bryggen til Åsane Terminal, kvart 10 min med buss nr. 3 eller 4 (15 min. reise). Buss nummer 35 går kvar time frå Åsane Terminal til Salhus Kai (kl. 11.40, 12.40 osv). Retur frå Salhus Kai 13.20, 14.20 osv. Meir info hos skyss.no.

 

Ta veteranbåten D/S Oster til Norsk Trikotasjemuseum, Lyngheisenteret og Vestnorsk utvandringssenter i sommar:

  • Søndagane: 23. juni, 30. juni, 7. juli og 14. juli
  • Avgang frå Bergen kl. 10.00 med ankomst Salhus kl. 11.00, Frekhaug 11.15, Lygra 12.45, Sletta 13.15.
  • Retur frå Sletta kl. 15.15, Lygra kl. 15.45, Frekhaug kl. 17.30, Salhus kl. 17.45, Bergen kl. 18.45.
  • Meir info og billettar finn du her

Kva skjer

Reis med "Gamle Dampen" D/S Oster til musea i sommar (23.06.2019 - Museumssenteret i Hordaland)
Bokdykk på Lygra (23.06.2019 - Lyngheisenteret)
Kurs i veving av varafell på oppstadvev 2019 (24.06.2019 - Osterøy museum)
Laftekurs på Osterøy museum (28.06.2019 - Osterøy museum)
Utvandringsfestivalen 2019 (28.06.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Kurs i spinning med Elizabeth Johnston (30.06.2019 - Osterøy museum)
Slåttasundag på Lyngheisenteret (30.06.2019 - Lyngheisenteret)
Sommarkonsert med Stíne Norse (07.07.2019 - Lyngheisenteret)
Vikingdag på Lygra 4. august 2019 (04.08.2019 - Lyngheisenteret)
Ein kveld med Sjur Hjeltnes på Prærien (30.08.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Kulturkveld - "Vinje vår mann" (04.09.2019 - Lyngheisenteret)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre

Museumslosen - lenke