
Museumssenteret i Hordaland har hatt prosjektleiaransvaret på vegne av Hordaland fylkeskommune og hovudansvaret for utstillingsproduksjonen i Hordaland. I tillegg har følgjande institusjonar vore med i Hordaland: Oselvarverkstaden, Stiftinga Bryggen, Hardanger Voss Museum (Hardanger Fartøyvernsenter) og Sunnhordland Museum. Utstillinga skal vandre i Basse Normandie i to år og blir i første omgang ståande på Normandie Museum frå november 2011 til februar 2012. Ein kopi av utstillinga vil truleg bli opna i Hordaland våren 2013. Utstillinga vil vandre i Hordaland 1 – 2 år. I tillegg til panelutstillinga er det med gjenstandar frå Hordaland som båtbyggjar- og tømrarverkty, modellar av tradisjonelle hustypar, lafte- og bolverksmodell frå Bryggen m m.
Det er også laga to digitale forteljingar om båtbygging og tradisjonell tømring i prosjektet med Trond Oalann (HFK) og Berit Osmundsen (Oselvarverkstaden). Desse er også tilgjengleg via nett m a på MuHo si heimeside. Det er laga fleire interaktive 3D – animinasjonar med døme frå tradisjonelle bygg som Finneloftet, Larsaløo (Havråtunet) og båttradisjonar som Storslettbåten. Dette skal visast på skjermar i utstillinga på Normandie Museum. Vi har også laga ei utstilling i utstillinga der dikt Olav H Hauge med tema frå utstillinga er omsett til fransk og trykt på tekstilpanel. Dette er gjort i samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Museumssenteret i Hordaland og Francois Monnet som tidlegare også har omsett dikt av Olav H Hauge til fransk i boka Nord Profond.
Det er norske dagar i Caen 9 – 10 Nov og i samband med dette vil Johanne Øvstebø Tvedten og Bjørn Arve Lunde frå Sunnhordland Museum gjennomføre to førestillingar med formidlingsopplegget “Eg byggjer meg ein båt” kvar av dagane. I tillegg vil båtbyggjarane Peter Helland Hansen, Hardanger Voss Museum og Berit Osmundsen frå Økonomuseum Oselvarverkstaden demonstrere båtbyggingsteknikkar for å visa tusenårige tradisjonar innan båtbygging i Hordaland. I tillegg er det eit seminar 10.11.2011 der franske og norske miljø vil halda føredrag om vernefilosofi og vidareføring av handlingsboren kunnskap m.m. Her vil Oselvarverkstaden, Hardanger Voss Museum, Museumssenteret i Hordaland og Stiftinga Bryggen vera representerte.
Museumssenteret i Hordaland sender to personar til Normandie i neste veke for å arbeide med monteringa av utstillinga.






