Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

1814

1814 Vestnorsk utvandringssenter

Kulturhistorisk undervisningstilbod til grunnskulen i Nordhordland

- knytt til 1814-jubileet

Dette opplegget er eit samarbeid mellom Museumssenteret i Hordaland  og Den Kulturelle Skulesekken i Nordhordland.

Mål: Målet er å gi elevane innsikt i levekår i regionen vår i 1814 og bruke denne situasjonen til å drøfte problemstillingar knytt til omgrepa demokrati og menneskerettar.

Det vil også kunne knytast til læringsmål, som m.a. at elevane skal å få ei forståing av korleis rammer i samfunnet påverkar tankar og haldningar.                

Klassesteg:  8. - 9. - 10. klasse  

barn og vaksne i tunet på Osterøy museum

 Sjå videon til Bygdanytt her!

Les om prosjektet i artikkelen til Strilen her!

Artikkel i strilen om arrangementet på Lyngheisenteret her!

Artikkel i bygdanytt om arrangementet på Osterøy museum her!

Grunnlovsjubileet på Osterøy museum:

Reising av Husmannsstova frå Rolland. Stova fortel om byggjeskikken for husmenn på 1800-talet og arbeidet med reisinga vil verte ein lærings- og formidlingsarena.

UTSTILLINGAR Korleis var det å leva i 1814, og kva bilete kan me få at folk i dag? 

Ostringar 1814 og 2014  (frå 25.05-31.09)

I 1814: Med utgangspunkt i nokre få utvalde vil me følgja nokre av lagnadane og teikna eit biletet av ostringane i 1814 - kven vart fødd, gifte og dø dette året? Kva fortid hadde dei som døydde og kva framtid hadde dei yngste og dei midt i livet?   Og kva med dei som var med på det tumultariske opptrinnet?

I 2014: Ostringar i arbeid og fritid - eit utval. Helge Aspevik, ein lokal fotograf, tente på dokumentasjonstanken bak Folk i 2014. Han har meir eller mindre på eiga hand gjort utval og fotografert ulike situasjonar – folk i kvardagen og somme gonger på fritida og eller til fest.  Kvardagen og arbeidslivet er i fokus.

Utstilling i samarbeid med Geir Kleiveland og Helge Aspevik

Osmåling! Med utgangspunkt i ei rik privat samling som me har fått låna av Petter Mikalsen, viser me ei utstilling om rosemålinga frå Os - den berømte Osmålinga. Her får me sjå store arbeid rekna for dei ”innfødde”, og små vakre gjenstandar produsert for veksande turistindustri tidleg på 1900-talet. Dette er på sett og vis ei 1914-utstilling. 

LIV I GAMLE STOVER 2014 - med menneskerettar  i fokus  Sundag 25. mai kl 12.00                        

SKULEFRI!!! I HUSMANNSTID  – kvar onsdag frå 11-15 i skuleferien

Skulefri!! startar første onsdag etter at skuleferien tek til,  25.06 og går t.o.m. 13 august - i alt 8 gonger. Alle desse dagane mellom 11-14.30 skal borna ta del i tilrettelagte oppgåver tilpassa alder og tilpassa ei tid då borna laut arbeida frå dei var ganske små.

baking av barkebrød
21.02.2014 - 11:29

Kva skjer

Strikkekafé: Færøysk strikk (21.02.2017 - Norsk Trikotasjemuseum)
Vinterferie på Norsk Trikotasjemuseum (26.02.2017 - Norsk Trikotasjemuseum)
Vevkurs og seminar (10.03.2017 - Osterøy museum)
Migrasong - tonane dei bar med seg over havet (17.09.2017 - Vestnorsk utvandringssenter)
Bergen Strikkefestival 2017 (29.09.2017 - Norsk Trikotasjemuseum)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre