Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Å stille ut en stemme

24.01.2014 - 09:28

boka Å stille ut en stemme

Korleis stille ut ei stemme...?

Den store utfordringa er korleis skal vi formidla den levande kulturarven til alle aldersgrupper i samfunnet vårt i vår moderne tid. Vi gjer det gjennom utstillingar, artiklar, aviser, bøker osb. I den samanhengen kom prosjektet om digitale forteljingar opp som ein ny måte å formidla historier om den levande kulturarven på. Det passer godt inn i MuHo si satsing på digital formidling. Det har vore eit treårig prosjekt «En ny arbeidsdag – digitalt fortalt» som har gått føre seg frå 2009 – 2011.

Det er produsert ei rekkje digitale forteljingar som alle er lagt ut og gjort tilgjengeleg for publikum gjennom nettsidene til MuHo og på den nasjonale nettsida «Digitalt fortalt» www.digitaltfortalt.no/. I boka “Å stille ut en stemme” har vi samla erfaringane frå prosjektet og boka er også meint å vera ei handbok i det å lage digitale forteljingar.

Prosjektet har vore ei øving i bruk av digitale media og utvikling av metode for å produsere digitale forteljingar. Boka er som sagt ei handbok og det er blanke ark til å notere på i boka som er meint for deg som vil lage digitale forteljingar. MuHo håper at vi har klart å utvikle eit verktøy som kan vera med å sikra dei mange spennande historiene som finst der ute og som er med å føre den levande kulturarva vidare til kommande generasjonar. Sjølvsagt får du også boka digitalt på minnepennen som følgjer med boka!

Boka er på 74 sider og koster kr 198,- + sendingskostnader.

Boka er ikkje i sal hos bokhandlaren, men kan bestillast her  

Personvernfråsegn finn du her

Kva skjer

Bergen Strikkefestival: 27.–29. september (27.09.2019 - Norsk Trikotasjemuseum)
Sigrid Moldestad på spoleloftet (27.09.2019 - Norsk Trikotasjemuseum)
Med tradisjon og fantasi - utforsk oppstadveven (19.10.2019 - Osterøy museum)
Lag dine eigne tresko (19.10.2019 - Osterøy museum)
Strikkekafé: LEIK knitwear (22.10.2019 - Norsk Trikotasjemuseum)
Ull på Prærien i Ullveka, 23. oktober kl. 18.00 (23.10.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Familiesundag i Ullveka, 27. oktober kl. 12 - 17 (27.10.2019 - Lyngheisenteret)
Bokdykk i ulne mysterier med Gunnar Staalesen (27.10.2019 - Lyngheisenteret)
Halloween på Prærien 31. oktober kl 18 - 20 (31.10.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Utekino og lystenning 24. november kl. 18 (24.11.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre

Museumslosen - lenke