Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Om Stiftinga Museumssenteret i Hordaland

14.09.2011 - 09:12

Avdelingar

Museumssenteret i Hordaland (MuHo) består av fleire museum i Hordaland. Vi har seks avdelingar: Bevaringstenestene, Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter, Havrå, Lyngheisenteret, Osterøy museum/Kulturverntenesta i Nordhordland og Vestnorsk utvandringssenter.

I Salhus, Bergen: Norsk Trikotasjemuseum, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland 
På Osterøy: Osterøy museum og Havråtunet
På Lygra, Lindås: Lyngheisenteret
På Sletta, Radøy: Vestnorsk utvandringssenter

 

Stiftinga Museumssenteret i Hordaland

Museumssenteret i Hordaland er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid, knytt til naturlandskapa, busettings- og bygningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie og samferdsel. Museumssenteret i Hordaland utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland.

Museumssenteret i Hordaland (MuHo) vart det første konsoliderte museet i Hordaland ved samanslåinga av Norsk Trikotasjemuseum, Bevaringstenestene og Felleskonservator for tekniske og industrielle kulturminne i Bergen i 2004.I 2006 vart avdelinga Kulturverntenesta i Nordhordland oppretta. Frå 1. januar 2007 vart drifta av Osterøy museum, Havråtunet og også ein del av MuHo, medan Lyngheisenteret kom med frå 12. februar 2007. Vestnorsk utvandringssenter vart konsolidert inn per 1.01.2010.

Museumssenteret i Hordaland er organisert som ei stifting.

Kva skjer

Strikkekafé: LEIK knitwear (22.10.2019 - Norsk Trikotasjemuseum)
Ull på Prærien i Ullveka, 23. oktober kl. 18.00 (23.10.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Familiesundag i Ullveka, 27. oktober kl. 12 - 17 (27.10.2019 - Lyngheisenteret)
Bokdykk i ulne mysterier med Gunnar Staalesen (27.10.2019 - Lyngheisenteret)
URD - Ho syng for oss (29.10.2019 - Norsk Trikotasjemuseum)
Bokprat: Bli hos meg (30.10.2019 - Norsk Trikotasjemuseum)
Halloween på Prærien 31. oktober kl 18 - 20 (31.10.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)
Fabrikkfest! (03.11.2019 - Norsk Trikotasjemuseum)
Utekino og lystenning 24. november kl. 18 (24.11.2019 - Vestnorsk utvandringssenter)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre

Museumslosen - lenke