Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Om Museumssenteret

08.09.2009 - 13:33

 

Avdelingar

Museumssenteret i Hordaland (MuHo) består av fleire museum i Hordaland og har avdelingar i Salhus, på Lygra, Radøy og Osterøy. I Salhus, Bergen: Norsk Trikotasjemuseum, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland. På Osterøy: Osterøy museum og Havråtunet. På Lygra, Lindås: Lyngheisenteret. På Sletta, Radøy: Vestnorsk utvandringssenter

 

Stiftinga Museumssenteret i Hordaland

Museumssenteret i Hordaland er ein kultur- og naturhistorisk museumsorganisasjon som driv bevaring, forsking, undervisning og formidling om kultur- og naturhistorie frå fortid til samtid, knytt til naturlandskapa, busettings- og bygningshistorie, nærings- og industriutvikling, sosialhistorie og samferdsel. Museumssenteret i Hordaland utfører også tenester innan samlingsforvaltning for musea i Hordaland.

Museumssenteret i Hordaland (MuHo) vart det første konsoliderte museet i Hordaland ved samanslåinga av Norsk Trikotasjemuseum, Bevaringstenestene og Felleskonservator for tekniske og industrielle kulturminne i Bergen i 2004.

I 2006 vart avdelinga Kulturverntenesta i Nordhordland oppretta. Frå 1. januar 2007 vart drifta av Osterøy museum, Havråtunet og også ein del av MuHo, medan Lyngheisenteret kom med frå 12. februar 2007. Vestnorsk utvandringssenter vart konsolidert inn per 1.01.2010. Museumssenteret i Hordaland er organisert som ei stifting.

Kva skjer

Bergen Strikkefestival 2020: 25.–27. september (25.09.2020 - Norsk Trikotasjemuseum)
Strikkekafé: lær deg Ravelry (20.10.2020 - Norsk Trikotasjemuseum)
Ullveka på Prærien (21.10.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)
Ullveka 2020: Strikkekafé i Ville Vesten (21.10.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)
Halloween på Prærien (31.10.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)
Halloween i Prærielandsbyen laurdag 31. oktober (31.10.2020 - Vestnorsk utvandringssenter)
Utvandringsfestivalen 2021 (02.07.2021 - Vestnorsk utvandringssenter)
Rita som i ein draum - utsett til 2021 (10.09.2021 - Vestnorsk utvandringssenter)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre

 

Museumslosen - lenke