Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Ull! Eit dokumentasjons- og forskingsprosjekt

Museumssenteret i Hordaland starta opp prosjektet ULL!! eit dokumentasjons- og forskingsprosjekt i 2012. Tiltaket sprang ut av arbeidet med oppstadveven som Osterøy museum hadde drive eit par tiår. Fleire avdelingar er engasjerte, på ulik vis og med skiftande aktivitet.

Hovudmålet slik det vart definert i 2012 er å skape grunnlag for bruk av norsk ull

Prosjektmål:    

Få auka kunnskap om ull frå tradisjonelle norske sauerasar – kartleggja eigenskapar ved ulla i forhold til ulike bruksområde og bearbeiding.

 Laga grunnlag for næringsutvikling.

Ta vare på immateriell kulturarv

Prosjektoppgåver

- Kartlegge aktuelle tradisjonsberarar, dekker dei heile prosessen?

- Delta i og dokumentere alle delane av prosessen: klipping, sortering, vasking, spinning

- Teste ut spinning av uvaska ull kontra vaska ull i forhold til kva eigenskapar ein ynskjer på garnet og kva bruk garnet eignar seg å  til.

- Samanlikna tråd spunnen med ulik reiskap med tråd framstilt på ein fabrikk.  

 

Mål og prosjektoppgåver skal fortløpande reviderast.

 

Arbeidsmåte

Det er arbeidd litt fritt med desse oppgåvene, alt etter tid og anledning. Arbeidsforma ymsar, mellom praktiske forsøk, reine foredrag og Workshop og/eller ein kombinasjon av dette. Alt etter tema er få og mange engasjert. Tiltaka vekslar mellom opne arrangement og meir utvalde arbeidsgrupper. Framdrifta vert styrt av dei som til kvar tid tek initiativ. Førebels har dette fungert som arbeidsform.

 

Prosjektet har ingen eigen økonomi. Midlar avsett til ulike SIK-prosjekt ved Museumssenteret har dekka reelle kostnader. Arbeidet er innsatsen.

 

Kva er gjort?

Ulldagen 13 oktober 2012: Oppstart med open dag og med fokus på desse spørsmåla: Kva er det med denne ulla? Kvifor skal me arbeida med den? Korleis gjer me det? Foredrag og demonstrasjonar ved: Amy Lightfoot; Gunnar Bouwer Knudsen og Marit Adelsten Jensen. Ullklassifisør Erling Kvitne fortalde og viste korleis ein sorterer ull.

 

Klipping av sau på Havrå 20 februar  Gunnar Bouwer Knudsen, hovslagar og saueklippar, sto for arbeidet. Han brukar elektrisk maskin, av engelsk type.  I alt 17 sauer vart klipte. Me var med på 7 av dei . Sidan det var så fint ver, rigga dei seg til ute framom smalefloren med ein flake som sauen kunne liggja på under klippinga, og med oppheng for klippemaskina. Kjetil Monstad og Magne Vikne henta ut sauene og sto klar med ny når Gunnar var ferdig. Det gjekk snøgt. Gunnar heldt sauen og klipte samstundes. Det var eit eige tak med å låsa uroleg  sau fast mellom beina slik at begge hender var fri under arbeidet. Gunnar grovsorterte ulla etter kvart, og etter måten han klipte på. Det han vraka kasta han framom seg  to gonger – først heilt i starten, og så heilt til slutt. Marta Kløve Juuhl putta fellene i sekkar etter kvart. Det som skulle kastast  i sekk for seg. Me fekk med oss tre fine fellar til den neste ulldagen. Me var i alt fem stykke og arbeidet gjekk roleg og greitt for seg.

Ulldag 9. mars Sist haust starta me på eit dokumentasjons og forskingsprosjekt om ull. Hovudmålet vårt, som kanskje ligg langt fram i tid, er å vera med og skapa eit grunnlag for bruk av norsk ull som ein ressurs. Me vil både vera ein inspirator og ein dokumentasjonsbank. Denne dagen vil me ha ein systematisk gjennomgang av ullsortering/klassing. Mange tenkjer kanskje at ull er ull, ferdig med det. Men så enkelt er det ikkje. Det finst mange ulike sauerasar, alle med ullkvalitetar eigna til ulike formål. Sameleis har kvar ullfell ulike kvalitetar. Det kjem an på kvar på fellen ein ser. Kvar ein finn den beste ulla og kvar skrapulla sit, vil me få læra meir om denne dagen. Dei som sorterer ull har ulike standardar å gå etter, samtidig som det krevst lang erfaring å sjå og kjenna skilnad på kvalitetane. Me har fleire ulike fellar som me vil leggja fram. Det vert døme på haustull og vårull av spælsau, heilårsull av villsau, vårull av gamalnorsk sau. Ullklassifisør Erling Kvitne frå Voss vil vera med oss og fortelja om dette, samtidig som han viser til ullfellane me har liggjande framme. Så førebu deg gjerne på stilla både kloke og dumme spørsmål til klassifisøren.

 

Etter denne økta vil me prøva oss på bruk av ullkammar. Me har fått laga serlege ullkammar til denne bruken. Dei fleste av dykk er nok kjende med at ein kardar ulla, men for å få eit jevnt garn kan ein og kjemma den. I fabrikkframstilling snakkar ein om anten kardegarn eller kamgarn. Me vil snakka litt om kva konsekvensar framstillingsmåten får for det ferdige produktet, og kva eigenskapar desse garntypane får. Kristi Nilsen frå Fana vil demonstrera bruk av ullkammar. Her og vert det sjølvsagt høve til å stilla spørsmål.  Dersom tida tillet det vert det mogleg å få prøva seg både med karder og kammar. Kanskje me så vidt kan få tid å sjå litt på spinning og. Begge desse prosessane vil me dokumentera.

 

Oppsummering: Denne dagen var intern med berre innbedne deltakarar: frå Museumssenteret, Universitetet i Bergen, lokale ullprodusentar og handarbeidsfolk og entusiastar. Dagen var vigd klassifisering av ull ved Erling Kvitne frå Voss, og bruk av ullkammar ved Kristi Nilssen. Kvitne orienterte generelt om saueull og om klassifisering før han gjekk over til demonstrasjon.  Han hadde med seg to fellar, og me hadde mange frå i haust. Det var stor interesse og alle som ville, fekk med seg ullprøver med namn. Etter lunsj orienterte Marta Kløve Juuhl generelt om kamgarn- og kardegarnsproduksjon i Noreg før Kristi Nilssen overtok med kjemming av ull. Ho hadde med seg australske ullkammar og kammar ho har fått laga lokalt på Osterøy. Desse likna mykje godt det som er funne i arkeologisk materiale. Me fekk grundig og god demonstrasjon av kamming av crossbred, og også korleis ulla vart trekt av kammane før spinninga. Også grovare ull vart kamma. Diskusjon om kor nøye ein laut  vera i sortering av ulla før ein kamma den. Me var 16 stk i alt, det var passeleg for dette opplegget. Alt vart videofilma.

 

Ullsortering laurdag 07.09 hadde som tema:

  • Kva inneber det eigentleg å sortera ulla ut frå lokal bruk?
  • Korleis var overgangen frå gardshushaldet til industrien?
  • Kan dagens standard  koplast til den heimlege kunnskapen på gardane før i tida?
  • Ullstandard i historisk perspektiv

 

Foredrag ved Annemor Sundbø og Sissel Berntsen frå Animalia. Annemor heldt eit langt foredrag om spælsauen, kjenneteikn og kvalitetar. Sissel Berntsen fortalde om grunnlaget for den norske klassifiseringa av ull. Denne er fast, men er kanskje noko ein kan påverka. Ho var positiv til andre måtar å verdsetja ulla på enn det som vert gjort til no. Slik avgjersle ligg høgare opp i systemet. Med foredrag, spørsmål og mat, gjekk dagen snøgt. Annemor fekk høve til å demonstrera spinning på ei sneis på slutten av dagen. Veldig inspirerande! Det står fleire spørsmål att som me må gripa fatt i etter kvart.

Måndag 28. oktober  Professor Ingvild Øye heldt foredrag om gamle tekstilreiskap  Det var ein interessant gjennomgang og kopling av reiskap og tekstilrestar. Noko av problemstillinga var om dei eigentleg kunne laga så fine tekstilar som dei ein finn restar av. Øye meinte dei kunne det, og ho er interessert i det me gjer vidare – og særleg i praktisk forsøk.

Torsdag 31 oktober Idear og tankar kring prosjektet vart presentert for deltakarar i forskingsprosjektet VikingGold .

2013-2014

Det er sendt spælsaufellar til Hoelfeldt Lund til spinning. Vidare er det prøvestrikka vottar av det garnet og av villsaugarn frå Hillesvåg for å kjenna på kvalitet.

Elles er halde kurs i toving på Lyngheisenteret.

 

Program frametter

2014:   Fleire av avdelingane tek del i ullvekene i Bergen i august og veka i oktober.

Ny ullhelg laurdag 18 og sundag 19 oktober kl 10-15 på Osterøy museum

Ullsortering etter bruk, og vidare bearbeiding. Med Annemor Sundbø, Amy Lightfoot og Anders Skjerveggen.

Desse sorterar ull frå fellane til ulikt bruk. Det vert berre brukt gamalnorske rasar. Dei vil også gje ei oppskrift på vidare handsaming. Dyktige spinnarar testar ulla tilpassa bruk og kvalitet.  Kamming, karding og spinning.

For å byggja opp eit kunnskapsarkiv, mellom anna til nytte for gjenstandsundersøking, vert det truleg eit par liknande samlingar i løpet av vinteren.  

            Utan dato:

Avl og kvalitet -  seminar. Har tidlegare kvalitetar vorte avla vekk til fordel for kjøt? Innleiarar frå næringa og forskinga.

 

Andre relaterte program hausten 2014: https://www.facebook.com/pages/Ulluken/237528216455301?ref=nf

 

3. oktober Korleis ta vare på den tekstile kultur- og kunnskapsarven? Workshop i samarbeid med Hordaland fylkeskommune, Kulturavdelinga. Osterøy museum.

Den tradisjonelle kunnskapen om tekstilar og tekstile teknikkar, både den allmenne og den handverksmessige,  er i ferd med å forsvinna.  Når den praktiske kunnskapen blir borte, taper vi vår eiga kulturhistorie og vert samstundes lite kompetente forbrukarar. Førebels program her:

4.-5. oktober kurs i tekstilkunnskap med særleg vekt på oppstadvev. Dette er den tredje samlinga. Laurdag 4. oktober kl 12.30 foredrag med professor Lise Bender Jørgensen. Ope foredrag.

1.-2. november: Fjerde og førebels siste samling i tekstilkunnskap med særleg vekt på oppstadvev

 

 

 

Image: 
14.03.2013 - 20:33

Kva skjer

Sommarkurs på Osterøy museum 26. juni - 1. juli (26.06.2017 - Osterøy museum)
Fagseminar og festkveld på Utvandringsfestivalen (30.06.2017 - Vestnorsk utvandringssenter)
Utvandringsfestivalen 2017 (01.07.2017 - Vestnorsk utvandringssenter)
Migrasong - tonane dei bar med seg over havet (17.09.2017 - Vestnorsk utvandringssenter)
Bergen Strikkefestival 2017 (29.09.2017 - Norsk Trikotasjemuseum)

Sjå hele kalenderen

 

Digitalt Museum

Her kan du sjå kva som finst i samlingane våre